- Det stemmer ikkje at Høgskulen vil slå seg sammen med andre høgskular i Møre og Romsdal slik det stod på Smp.no. Til liks med dei fleste andre vil vi helst verne om sjølvstendet, sier rektor Per Jarl Halse.

Men på dialogmøtet i Molde med Kunnskapsdepartementet vart det gjort klart for møtedeltakarane at ingen kan rekne med å halde fram som før  når det gjeld framtidig strukturen for høgskular og universitet.

- Ein fusjon mellom ein eller fleire i Nordvest -  altså høgskular i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane - ville vere klart betre enn støre fusjonar som kunne gjere oss til satelittar under institusjonene i rondheim eller Bergen.

I slutten av oktober skal styret vårt sende dei endelege innspela til departementet om moglege strukturendringar i sektoren, opplyser Halse.