Måndag morgon i sjutida var ein patrulje frå kommunen, sjukehuset og politiet på pletten for å premiere sjukehustilsette som tek miljø, mobilitet og helse på alvor.

Fangst

Mellom «fangsten» var Trygve Hovdenakk frå Åmdalen og Magnhild Vatn frå Ørsta sentrum.

Dei to kollegane plar møtast i Ørsta sentrum, og syklar resten av turen til arbeidsplassen i lag.

- Ein kjempefin måte å starte arbeidsdagen på, seier Trygve Hovdenakk.

- Og ein like fin måte å avslutte arbeidsdagen på, seier Magnhild Vatn.

Alternativ

Så vart dei premierte av mobiltetsgeneral Berit Koen, folkehelsekoordinator i Volda kommune.

Ho var nøgd med det ho fekk sjå av syklande og gåande til sjukehuset, som er arbeidsplassen til 500 personar.

- Dette handlar om å tenkje alternativ til bil der ein kan, og samstundes vere med å sikre miljøet og eigen heldse, var bodskapen frå kommunalt folkehelsehald.

Mørkare årstid

Politibetjent Pål Inge Olsen syklar ofte frå Volda og til jobben ved Ørsta og Volda lensmannskontor i Hovdebygda.

- Eg syklar når eg kan. Og eg har ein spesiell bodskap utanom det konkret helse og miljømessige: Folk som syklar og går må gjere seg mest muleg synlege med klesval og refleks. Dette er svært viktig for å unngå ulykker, presiserer han.

Vel vitande at stadig fleire strekkjer sykkelsesongen langt i mørke haust og vinterkveldar.