Til neste møte i miljøutvalet onsdag 5. november kjem representantar frå Statens vegvesen for å utdjupe sine visjonar.

Steinar Reiten ser for seg at fylkesadministrasjonen så legg ei sak fram for miljøutvalet, og at saka går vidare i alle fall til fylkesutvalet. Han tenkjer vidare at for å inkludere heile kysten frå Kristiansand til Trondheim, er dette ei sak som også bør løftast fram for Vestlandsrådet.

Vind, straum og bølgjer og sol

Heilt frå starten av har dei som har planlagt Ferjefri E39 sysla med tankar om at ein bør kunne gjere om energi skapt av vind, straum, bølgjer og sol.

- Samferdsel står for ein tredjedel av alle CO2-utslepp. Norge har gjennom klimaforliket plikta seg til ganske tøffe utsleppskutt. Dette kan vere ein god måte for regjeringa -  og særleg for Frp som var utelatne frå klimaforliket og ikkje har framstått som særleg miljøvennleg, til å få ned utsleppa, uitan at det går ut over transport av varer og menneske langs vegane våre. Eg håper regjeringa grip denne sjansen, seier ein oppglødd Steinar Reiten og legg til:

Fleire kjøper elbil

- Vi ser at det vert kjøpt stadig fleire elbilar. Kan vi få bygt ladestasjonar på bruene langs E-39, vil det vere mogleg å bruke elbilar også på lengre transportetappar. Å produsere hydrogen av sjøvatn gjennom ein elektrolyseprosess, er svært kraftkrevjande. Men her kan vi få produsert nok elektrisitet til slik produksjon, seier han.

Energiregion Møre

Steinar Reiten ser for seg at i vårt fylke, kan fornybarseksjonen i Energiregion Møre spele ei sentral rolle når det gjeld koordinering.

- Her må det til eit samspel mellom Statens vegvesen og kraftbransjen, frå Statnett og nedover til selskap som Tafjord, Tussa, Neas  og Istad, seier Steinar Reiten.

Eksportartikkel

Han trur at dersom vi lykkast med eit slikt banebrytande prosjekt, vil løysingane også kunne bli ein stor eksportartikkel med heile verda som marknad.

Etter at det har kome politiske signal om at arbeidet på Møreaksen kan startast allereie før 2020, understrekar Steinar Reiten kor viktig det er at denne visjonen ikkje vert lagt død.

- Her ser vi konturane av null-utsleppssamfunnet, og kanskje kan vi både redde klimaet og skape ein stor eksportartikkel. Eg har lyst til å gje ros til Statens vegvesen for at dei har vore framsynte. No er det viktig at vi som er politikarar følgjer opp og får i stand eit godt samspel mellom Statens vegvesen og kraftselskapa, slik at desse spennande tankane kan verte konkretiserte. For dette hastar verkeleg, seier fylkespolitikar Steinar Reiten.

Løftar saka opp i eige parti

Steinar Reinten vil løfte denne saka opp i eige parti når 150 sentrale fylkes- og kommunepolitikarar i Kristeleg Folkeparti fredag og laurdag møtest til regionkonferanse i Bergen.

Fredag kveld vil det vere innlegg om klimautfordringar og innlegg av folk frå Statens vegvesen om saka som gjeld produksjon av energi i samband med bruer langs ferjefri E39. Til stades då vert partileiar Knut Arild Hareide.

- Eg kjem til å gå på talarstolen og be partimedlemmer frå Rogaland til Møre og Romsdal om å ta tak i denne saka, seier Steinar Reiten som håper på ein kick off-effekt.

Fylkespolitikar Steinar Reiten (KrF). Foto: Petter Sandvik