10. oktober har teaterstykket «Vaffelhjarte», basert på Maria Parr si bok med same namn, premiere på Den Nationale Scene (DNS) i Bergen. Stykket er produsert i samarbeid med Sogn og Fjordane Teater, eit samarbeid som resulterer i at framsyninga når ut til alle barneskulane i Sogn og Fjordane.

«Vaffelhjarte» skal gå på DNS fram til jul, og over nyttår ber det ut på skuleturne i fjordfylket som del av den kulturelle skulesekken. Ifølgje NRK Sogn og Fjordane, skal alle elevar frå første til sjuande klasse skyssast inn til dei scenene som Sogn og Fjordane Teater brukar rundt om i fylket.

Får forfattarbesøk

Maria Parr er frå Vanylven i Møre og Romsdal, og ein stor del av tv-serien «Vaffelhjarte» vart spelt inn på Runde og omegn i same fylke. Men førebels ser det ikkje ut til at teaterstykket vil verte vist her. Anette Andersen, rådgjevar i Kultursekken Møre og Romsdal, fortel at dei planlegg å sende Maria Parr på forfattarbesøk til barneskulane i fylket i 2015.

- Det er slett ikkje umuleg at også Kultursekken i Møre og Romsdal kan få «Vaffelhjarte»-teaterstykket på programmet. Men då må produsentane tilby oss stykket, og vi må vurdere tilbodet, seier Andersen.

Handlar om kapasitet

Cecilie Mosli er instruktør for «Vaffelhjarte» på DNS i Bergen, synest det er ei gåve å få jobbe med Maria Parr sine tekster. Etter det ho veit ligg det ikkje føre konkrete planar om å turnere Møre og Romsdal med teaterstykket.

- Det er ikkje det at vi ikkje vil, det handlar vel meir om kapasitet, seier Mosli .

Det har ikkje lukkast Sunnmørsposten å få tak i teatersjef på Sogn og Fjordane teater for kommentar.