Måndag skreiv åtte partar under ein partnarskapsavtale for å sikre vidare arbeid med utviklingsprosjektet StudiebygdA.

Kort

Ragne Ørstavik har vore leiar for prosjektet som vart avslutta i sommar.

– StudiebygdA må vere Norges kortaste bulystprosjekt. På eitt og eit halvt år har eg vore med på ei effektiv og spennande reise. Vi har fått til mykje, frøet er sådd - no ser vi fram til at det skal spire og gro vidare, sa Ørstavik då ho oppsummerte prosjektperioden.

I prosjektomtalen frå januar 2013 heiter det:

«Formålet med StudiebygdA er å styrke studiestaden Volda og Høgskulen i Volda si rolle i regionen. I prosjektet skal vi fokusere på evna til rekruttering og utvikling av kompetanse gjennom å byggje kulturell og sosial integrasjon mellom arbeidsliv, frivillig sektor, innbyggjarar, studentar og nye tilflyttarar».

Framsynt

Det var ein framsynt student, Jonas Østvik, som meinte Volda burde gjere seg betre nytte av sine gode kvalitetar. Han spelte inn ideen om å lage eit partssamarbeid i Volda liknande Studieby1 i Trondheim.

Resultatet vart StudiebygdA, eit samarbeid mellom Volda kommune, Høgskulen i Volda, Studenttinget i Volda, Studentsamskipnaden for Sunnmøre, Volda Næringsforum, Volda frivilligsentral, Sunnmøre Kulturnæringshage og Møre og Romsdal fylkeskommune.

I sluttrapporten for prosjektet står det mellom anna at ein gjennom eit breitt partnarskap og aktivitetar har fått synleggjort synergiane av høgskulemiljøet og gjort medvitne samanhengane mellom studentane i bygda og samfunnet elles.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Strategi

Den nye partnarskapsavtalen er signert av representantar frå Høgskulen i Volda, Studenttinget i Volda, Studentsamskipnaden for Sunnmøre, Volda vidaregåande skule, Volda kommune, Frivilligsentralen i Volda, Volda Næringsforum og Sunnmøre kulturnæringshage.

Alle partar skal innarbeide deltaking i partnarskapen som strategi i dei overordna planane sine.