Dette seier påtroppande konsernsjef Webjørn Barstad i trålgiganten Havfisk ASA. Han mønstrar på frå komande årsskifte, og skal til då halde fram i jobben sin som driftssjef i kollegareiarlaget Strand Havfiske i Ålesund.

– Ja, og det er ikkje problematisk å gjere. Om det vert konkurrert litt ute på fiskefelta, så er ikkje konkurransen om fisken hardare enn at det heile er grundig kvoteregulert, humrar Barstad avvæpnande.

Følg smp.no på Facebook

Kostnadsjakt

Han seier han har lært svært mykje på dei fire åra i Strand Havfiske.

– Kva har du lært?

– Mellom anna å få til kostnadseffektiv drift i fleire avgjerande ledd. Dette har vorte ein stor inspirasjon å få til, ettersom resultata har synt seg. Det viste seg at der var mykje å hente.

– Dette er kunnskap eg er viss på å drage nytte av også i min nye jobb etter nyttår, seier Barstad.

Utifrå etternamnet kunne ein sjå føre seg ein unggut frå Barstadvika i Ørsta, med lynkarriere på Vartdal-trålarane i grannelaget. Men nei, dialekta avslører en ekte bygut.

– Eg trur namnet kjem der inne frå, men sjølv er eg fødd og oppvaksen her i byen, stadfestar Webjørn Barstad.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Og i byen kjem han til å ha base også vidare, ettersom børsnoterte og aksjesterke Havfisk ASA har sitt hovudkontor i fiskerihovudstaden Ålesund. Havfisk er tunge også i nord, med båtar i fiske både i Nordland og Finnmark.

Base Ålesund

– Havfisk leverer til mottak og landbaserte fabrikkar over heile landet, også her i distriktet. Selskapet har heile 29,6 trålkonsesjonar for torsk, opplyser påtroppande direktør Barstad.

Konsesjonane vert handterte av ti-elleve moderne trålarar, fleire av dei med base i Ålesund. Selskapet har 380 tilsette, og omsette i 2013 for 779 millionar kroner.

Gadus Neptun er ein av Havfisk sine nye og topp moderne trålarar. Her til kai i Ålesund. Foto: Arkivfoto: Staale Wattø