–Eit einstemmig utval meiner at han har gjort ein særleg god innsats for likestillingsarbeidet i fylket vårt, sier Eva Vinje Aurdal, leiar i Likestillingsutvalet i ei pressemelding.

Likestillingsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune deler kvart år ut ein pris til ein person eller instans som har utmerka seg positivt ved å fremje likestilling i arbeid for frie val og like moglegheiter utan omsyn til kjønn, alder, seksuell legning, funksjonsevne, etnisitet og språkval.

Jens Terje Johnsen er utdanna cand.teol. frå Menighetsfakultetet. Han er ordinert prest og har tidlegare arbeidd som kallskapellan i Ørsta, som sokneprest i Vik i Sogn og som res.kap og sokneprest i Herøy. I dag er han tilsett som sjukehusprest ved Volda sjukehus.

- Jens Terje Johnsen har gjennom si prestegjerning vore oppteken av likeverd mellom alle menneske og mellom ulike menneskegrupper. Han har vore oppteken av at kjønn ikkje skal vere til hinder når ein person skal utpeikast til ulike stillingar, verv, tenester og posisjonar. Jens Terje Johnsen var tidleg krystallklar på at kvinner, på lik linje med menn, skal ha tilgang til alle stillingar og posisjonar i Den norske kyrkja. Som prest har han vore oppteken av å sikre dei unge representasjon i ulike samanhengar, og han har ei høg stjerne blant dei funksjonshemma i regionen på grunn av sin innsats for å integrere dei i samanhengar der dei ofte er blitt ståande utanfor, heiter det i grunngjevinga for prisen.