– Eg opplever det slik at eg vert halden med godt prat, seier ein frustrert ordførar.

Ved to høve, i september i fjor og i vår, fekk han det han oppfatta som lovnader frå vegvesenet om at dei i samband med sommarvedlikehaldet i år skulle gruse den 1,3 kilometer lange gangvegen som vart grovplanert for åtte-ti år sidan i samband med sikringsarbeid langs E136/E39. Dette arbeidet gjekk ut på at fjellknausar vart sprengde bort.

Og ikkje berre lova vegvesenet grus, dei signaliserte også at dei ville ta på seg brøyting om vinteren.

Greip inn

– I staden for å fylle på med mold og lage ei skråning, slik vegvesenet hadde tenkt den for åtte-ti år sidan, vart strekninga planert og det vart hatt på grov pukk. Det skjedde etter påtrykk frå tidlegare ordførar Sigmund Stene (H), fortel Fylling.

Han legg til at mange gåande og syklande har brukt denne halvferdige gangvegen, og har hatt god nytte av han. Dermed har dei også kome seg bort frå den sterkt trafikkerte stamvegen.

Gror igjen

– Men no er den grovplanerte gangvegen i ferd med å gro igjen. Det gjer at den er vanskeleg å ferdast på, fortel Thorbjørn Fylling.

Han har teke til å miste trua på at det skjer ei sårt tiltrengt opprusting dette året.

– Sommaren er over og vi har fått haust, utan at det har skjedd noko, konstaterer han.

Mellombels løysing

Thorbjørn Fylling understrekar at ønsket frå kommunen ikkje var at det skulle lagast ein heilt ferdig gangveg med lysmaster og det heile, men finne ei mellombels løysing, slik at det kunne vere råd å bruke gangvegen og få gåande og syklande bort frå biltrafikken på den sterkt trafikkerte vegen.

– Med enkle tiltak ville det vere råd å oppnå stor grad av trafikksikring, og utan at det ville koste all verdas, seier ordføraren.

Veit ikkje

Ordførar Thorbjørn Fylling får mange spørsmål frå folk som bur i området og som brukar gangvegen, om kva som vidare skjer.

– Eg må berre svare som sant er at det veit eg ikkje, seier Fylling som opplever lovnadene han fekk i fjor som langt meir usikre og flytande.

– Eg sende ein e-post til vegvesenet på seinsommaren der eg bad om svar på kvar saka står. Men eg har enno ikkje fått noko svar, seier ein skuffa ordførar Thorbjørn Fylling. Avdelingsdirektør Knut Nauste i Statens vegvesen Region Midt seier at vegvesenet står fast på lovnaden til ordføraren i Ørskog om at dei skal få gjort noko med denne stubben.

– Og når kan det skje, Nauste?

– Enten i haust eller neste år, svarar han.

Fram og tilbake

Knut Nauste medgir at det har vore litt fram og tilbake i denne saka. Forklaringa er mellom anna at det har vore snakk om andre trafikktryggingstiltak på strekninga som det kan vere aktuelle å få gjennomført neste år.

Knut Nauste understrekar at det her ikkje er snakk om ein gangveg i ordets rette forstand.

– Det er heller snakk om ein gangsti eller ein sykkelsti for dei som er godt kjende. På austsida, mot Abelset, er der ei litt skummel avslutning som ein må vere merksam på, forklarar Nauste og gir Ørskog-ordføraren håp om at det kan skje noko med det aller første.

Avdelingsdirektør Knut Nauste i Statens vegvesen gir håp om grus i haust eller neste år. Foto: Petter Sandvik.