Det skriv Mattilsynet i ei pressemelding.

– Det vil for vintersesongen 2014–2015 vere påkravd å følgje ekstra godt med på dyra og beitesituasjonen. Det er til dels omfattande tørkeskadar både på røsslyng, einer, krekling og blåbærlyng, legg dei til.

Mattilsynet meiner det er grunn til å tru at det vil oppstå fôrmangel for mange dyr om ikkje nødvendige tiltak vert sett inn.

– Det er saueeigar som er ansvarleg for at dyra. Mattilsynet vil føre tilsyn med at saueeigarar tek vare på dyra si velferd, legg tilsynet til.