Politiet har hatt rundt 50-60 polititenestemenn på saka, etter at ein mann vart funnen død i ei leilegheit i Spjelkavik tysdag ettermiddag.

  • Følg politiet sin pressekonferanse direkte på smp.no kl. 11

Til samanlikning blei det sett 34 etterforskarar på Hareid-drapet det første døgnet etter at den drepte blei funnen. Og då politiet starta ein kriminaletterforsking i samband med Aksla-saken, blei det sett 20 etterforskarar på saka parallelt med leiteaksjonen etter den sakna.

– Vi var litt heldige med det. Vi hadde ein overtidsaksjon for å få unna gamle saker. Derfor hadde vi veldig mykje folk på jobb, fortalde politiinspektør Unni Moen Vikebakk ved Sunnmøre politiedistrikt under ein pressekonferanse tysdag kveld.

Truleg vert antallet politifolk på saka trappa ned allereie onsdag.

Kripos-bistand

Dødsfallet i Spjelkavik vart oppdaga i samband med ein brann i eit bustadhus i Spjelkavikområdet rundt kl 15.40 tysdag. Omstenda tilsa at dette var eit unaturleg dødsfall.

Fem personar frå Kripos er på veg inn i etterforskinga.

– I ein periode tysdag fekk vi støtte frå fleire politidistrikt, som blant anna sette opp vegsperringar. Det er på veg inn støtte frå Kripos på teknisk, taktisk samt datateknisk etterforsking. Dei kjem med fem personar hit til Ålesund, opplyste Vikebakk.

Ikkje identifisert

Dei tre som vart pågripne tysdag kveld er personar som politiet kjenner til frå før. Personane var ikkje formelt sikta tysdag kveld.

Politiet hadde seint tysdag kveld ikkje ein sikker identifikasjon av den omkomne, men hadde ei god formeinig om kven dette er, og at det er ein mann. Dei næraste pårørande til vedkomande vart derfor tysdag gjort kjende med opplysningane politiet har i saka, opplyser politiet.

– Vi vil gjerne ha tips frå publikum dersom nokon har mistenkelege observasjonar i Spjelkavik og Moa-området, sa Vikebakk til Sunnmørsposten tysdag kveld.

I dette huset i Spjelkavik vart det tysdag ettermiddag funnen ein død mann.