24. august fortalde vi her i Sunnmørsposten at ei anonym interessentgruppe stod bak planar om eit høghus i Sykkylven sentrum.

No står initiativtakaren fram: Ståle Welle - mest kjend som dagleg leiar i bedrifta PC Support.

Innhald

Prosjektet skal etter planen innehalde ein næringsdel, eit hotell og leilegheiter.

– Vi tek for oss næringsdelen først, og skal no gjennomføre ei marknadsundersøking for å sjå om det er interesse for noko slikt, seier Welle. Det er avgjerande at det blir ein viss storleik på næringsdelen for at ein skal kunne gjennomføre resten av prosjektet.

Følg smp.no på Facebook

Det er avgjerande at det blir ein viss storleik på næringsdelen for at ein skal kunne gjennomføre resten av prosjektet.

Welle forklarer at forprosjektet er finansiert av bedrifter og enkeltpersonar med stor skaparglede. Dette er mellom andre Møre Trafo, PC Support, Formfin, Amatec, Idebygg og Egil Emdal.

– Alle desse har det til felles at dei ønskjer utvikling i bygda vår, og det på den beste tomta i bygda, seier Welle.

I høgda

Han legg til at tomta er ikkje stor. Difor må dei byggje i høgda. Dessutan ønskjer dei seg noko spektakulært, noko som blir lagt merke til.

Han ser for seg at det kjem eit bygg med butikkar i første etasje, og oppå der igjen ein næringsdel – altså kontor.

– Her ser vi for oss at vi kan samle nye, moderne arbeidsplassar innan design, marknadsføring og utvikling. Det vil då vere snakk om nye bedrifter i bygda, samt at noverande bedrifter kan flytte noko av sin aktivitet til dette bygget slik at ein får ein synergieffekt, og at ein skapar eit miljø som er attraktivt, forklarer Welle.

Les fleire nyheiter frå Indre på smp.no

Vidare peikar han på at det lenge har vore etterlyst eit hotell i bygda, og fleire leilegheiter.

– Hotellet må ha ein viss storleik, eg ser for meg mellom 60 og 100 rom. Når det gjeld leilegheitene veit vi ikkje kor stor interessa er. Det kan vere snakk om alt frå ti til 100, seier Welle.

– Det er iallfall eit faktum at vi manglar sentrumsnære leilegheiter, ikkje minst for einslege og unge, og for par utan born.

Då ideen vart presentert for politikarane i Sykkylven var det dei som fleipa med at bygget blei høgare enn Seilet i Molde.

Stort

Ståle Welle veit ikkje kor stort dette bygget i Sykkylven blir, men meiner det må vere stort og spektakulært om det i det heile teke skal bli bygd.

– Stemninga i det politiske miljøet for eit høghus var iallfall positiv, legg han til.

– Kvar skal ein få pengane frå?

– Dette må vi komme tilbake til på eit seinare stadium. No er fokuset å gjennomføre forprosjektet. Er behovet der så skal finansieringa også kunne løysast, seier Ståle Welle.