I går kom saka om at nestleiar Anders Almestad trekk seg umiddelbart frå styret i Sunnmørsbadet Fosnavåg AS. Olympic Shipping som eig 15 prosent har no kome med ei pressemelding.

Ber om ro

- Almestad har gjort ein god og ryddig jobb i samband med å få orden på økonomien i selskapet. No er det viktig at styret får mest mogleg arbeidsro slik at dei får full oversikt over situasjonen, seier Stig Remøy, adm.dir. i Olympic Shipping.

Remøy og Olympic Shipping meiner det er leit at Almestad trekkjer seg, men har full tillit til at styret, under leiing av Bjørn Martin Aasen, gjer det som skal til for å halde kontroll på økonomien i prosjektet.

Omfattande prosjekt

- Som aksjonær set vi stor pris på den openheita sitjande styreleiar legg opp til. Det er viktig i eit prosjekt som dette, som i hovudsak bygger på fellesskapet sine midlar gjennom engasjementet til Herøy kommune, seier Remøy.

Remøy skriv i pressemeldinga at Olympic føreset at det på den ekstraordinære generalforsamlinga vert valt inn styremedlem som har tilstrekkeleg røynsle frå tilsvarande store og omfattande prosjekt.

Det er Herøy kommune som eig 54 prosent av Sunnmørsbadet AS. Havila AS har same andel som Olympic (15 prosent). Herøy revmatikarforeining og Herøy sanitetsforeining eig 7 prosent kvar.