Dette er gjort med heimel i politilova paragraf 27.

Forbodet om å opphalde seg i området gjeld frå klokka 14 og inntil vidare. Det opplyste politimeisteren på pressekonferansen klokka tolv måndag.

Overraska

Geolog Lars Harald Blikra frå Åknes/Tafjord beredskap opplyste at fjellet har bevega seg to til to og ein halv centimeter siste døgnet.

- Eg er overraska over at det skal så lite nedbør til før det begynner å bevege seg meir, sa Blikra.

Nedbør

Geologane har gode måleinstrument, og Blikra opplyste at dei ikkje har registrert noko som tyder på at det verst tenkjelege scenariet skal inntreffe.

- Det er ingen teikn til rørsle i det store scenariet og fjellpartiet. Rørsla gjeld eit mindre område. Vi reknar med at fjellpartiet er ganske svekka, så sannsynlegvis er det ikkje så store nedbørsmengder som skal til, sa Blikra.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix