• Se direktesending fra Mannen under artikkelen

- Fjellet Mannen har nokså typisk oppførsel. Det har vore skred siste åra, og det er teikn på at det er uroleg. Det er like før det rasar, seier Astor Furseth.

Men historisk ser ein også at regnvêr og skred høyrer saman. Det må vere aksellerasjon i fjellet, og det kan kome med regn.

Størst i landet

I Mannen har ein målingar som viser rørsle, men ved dei store historiske fjellskreda her i landet har folk i nærleiken ifølgje Furseth alltid fått forvarsel sjølv om dei ikkje har hatt avanserte måleinstrument.

- Det skjedde både ved Tjellefonna, i Tafjord og i Loen, seier Furseth.

Tjellefonna i Nesset i februar 1756 er det største fjellskredet her i landet. Der visste folk at det var ei sprekke i fjellet, og raset kom etter regnvêr, fortel Furseth.

Lodalen

I Lodalen rasa det i januar 1905 og i september 1936.

- Særleg i 1936 var det tydeleg i førevegen. Folket oppdaga ein sprekk i fjellet, og dei visste at det utvida seg jamt og trutt. Fjellet var uroleg, og nettene før raset fekk ikkje folk sove. Dei merka ristingar, men dei forstod ikkje konsekvensane, seier Furseth.

Raset frå Ramnefjellet skapte ei enorm flodbølgje, og 74 menneske omkom i 1936. I 1905 omkom 62 menneske i Lodalen.

Alle årstider

I Loen kom rasa etter regnvêr. I Tafjord i april 1934 kom raset etter snøsmelting.

- Fjellskred er ei gåtefull sak, og det er ikkje lett å forutsjå. Skred kan kome til alle årstider, seier Furseth basert på historiske studiar.

I Tafjord hadde folk siste halvåret før ras og påfølgjande flodbølgje, registrert småskred. Siste tre-fire dagane før raset, blei aktiviteten meir hyppig.

Sprenging

Furset har også samla ei systematisk oversikt over arbeid med å sprenge ut fjellpart, for å kontrollere ras. Det er gjort fleire gonger, men då med mindre fjellparti. Og Furseth meiner dette ikkje bør gjerast i Mannen.

- Nei, det blir for stort. Så store parti er aldri sprengt vekk før, og det er enormt risikabelt. Ein risikerer at det blir endå meir usikkert, seier Furseth og understrekar at ei slik sprenging vil måtte utgreiast nøye.

Skredhistorikar og forfattar, Astor Furseth. Foto: Torbjørn Eidhammer