Politiet har pågripe ein mann for to butikktjuveri i Ulsteinvik, onsdag ettermiddag.

- Mannen har vore inne i to butikkar og stole klede. Han stakk frå staden etter å ha utløyst ein alarm, fortel operasjonsleiar John Kåre Flo ved Sunnmøre politidistrikt.

- Signalement frå tilsette og bilde frå eit overvakingskamera stadfestar at vi har tatt rett person, legg han til.

Politiet fekk melding om hendinga ved 18.30-tida.

Det skal ikke vere store verdiar som er stole.