Regjeringa er avhengig av mellompartia, og Venstre er innstilte på å bruke den makta til å få styrka marin forsking over heile fjøla.

– Det er for dårleg slik det ligg i framlegget til statsbudsjett no, seier stortingsrepresentant for Venstre Pål Farstad.

Som ein del av dette kjem to millionar kroner i faste, årlege løyvingar. Farstad seier han sjølvsagt ikkje kan love noko.

– Men dette skal vi ha heilt fram.

Økonomisk pluss

Styreleiar Gunn Berit Gjerde seier løyvinga vil bety mykje for miljøsenteret. Det eine er reint økonomisk.

– Slik det er i dag må vi selje og utarbeide prosjekta før vi får pengane. Det gir oss ein anstrengt måte å jobbe på. Vi går i balanse, men med desse pengane i botn vil vi få ein heilt annan måte å arbeide på. Dette gjer at vi kan bli endå meir aktive på miljøforsking.

Statusauke

Det andre er statusen knytt til statlege løyvingar.

– Det er ei anerkjenning å få desse pengane, og det vil vi nyte godt av både overfor internasjonale forskingsmiljø og universiteta i Norge, seier Gjerde.

Dagleg leiar ved Runde miljøsenter Nils Roar Hareide seier dei er svært glade for utsiktene til faste, statlege løyvingar og det arbeidet Venste har lagt ned både lokalt og sentralt for å få Runde inn på statsbudsjettet.

– Det er på høg tid at kystlandskapet og naturen langs kysten kjem i fokus. Særleg samspelet mellom sjøfugl og havet har vore eit område som er alt for lite undersøkt.

Hareide meiner ei fast løyving over statsbudsjettet vil gi Runde Miljøsenter muligheiter til å arbeide langsiktig med å bli ein sentral møteplass for forsking, undervisning og formidling.

Leiande feltstasjon

Gunn Berit Gjerde seier at målet for Runde miljøsenter er å bli ein leiande feltstasjon på forsking innan hav og fugl.

– Vi ser for eksempel at Norges største fuglefjell forvitrar. Vi må i samarbeid med havforskarane finne ut kvifor, men vi må sjå på det i samanheng, ikkje berre sjå på anten fugl eller fisk.

Her kan Runde miljøsenter med si sentrale plassering både geografisk og i den maritime klynga spele ei viktig og samordnande rolle.

– Det er svært viktig at vi har desentralisert forsking som er der utfordringane er.

Nasjonal oppgave

Gjerde seier at ho ikkje kan forstå anna enn at forvitringa av fuglefjellet må vere ei viktig nasjonal oppgave. Då leiar i miljøkomiteen på Stortinget, Ola Elvestuen (V), var på besøk på miljøsenteret i sommar, uttalte han at miljøsenteret tek på seg nasjonale oppgaver og dermed må få nasjonal finansiering.

For Gunn Berit Gjerde er også Forskningsrådet sine sterkare krav om anvendt forsking i samarbeid med næringslivet noko ho meiner vil vere ein styrke for Runde miljøsenter med sine nære kontaktar til næringslivet.

– Ja, slik har miljøsenteret ei glimrande forankring, seier Pål Farstad.

Distriktsvenleg

Som eit siste argument for miljøsenteret ser Gunn Berit Gjerde på det som eit samfunnsprosjekt.

– Det er ein del av ein større diskusjon om kvar kunnskapen vår skal ligge. Skal den vere knytt berre til dei større byane? Om distrikta vert ståande utan tankekraft, så vert det lite anna også.