Dette seier Stein Aam til Sunnmørposten. Han er tilsett i Ørsta kommune som drifts- og vedlikehaldsleiar, noko som også innkluderer å ta på seg brannleiaransvaret for dei mange bygga han har driftsansvar for.

Varsla

– Det rår til dels svært strenge krav til både førebyggjande brannvern og til brannøvingar og prosedyrar for alle institusjonsbygga i kommunen.

– Når det gjeld rådhuset, der det heile vert administrert frå, finst der ikkje brannvarsling av noko slag. Ikkje så mykje som ein einaste røykvarslar - i eit einaste rom, konstaterer Aam.

Han har kjent til dette ei tid, men fann tida moden til å synge ut etter at kontrollutvalet i kommunen har fått påpakning frå Søre Sunnmøre kommunerevisjon på forholdet.

Det var Møre-Nytt som først skreiv om saka, etter at Stein Aam varsla «brann» i siste kommunestyremøte. Dette fekk mange av representantane til å kikke i taket i kommunestyresalen, der dei færraste truleg har lagt merke til mangelen på brannvarslarar.

Dispensasjon

Stein Aam presiserer overfor Sunnmørsposten at han er klar over at skral kommuneøkonomi delvis har skulda for manglande oppgradering. Skular og institusjonar har vorte priortierte, som dei må.

–Samstundes er det klart at vi held rådhuset ope på dispensasjon frå lovverket når det gjeld brannvern. Det same gjeld delvis også for det kommunale legesenteret vårt. Det står ingenting i budsjettet om midlar til brannsikring, så dette held ikkje i lengda, seier Stein Aam.

Han presiserer at han no har på seg hatten som kommunepolitikar, meir enn som arbeidstakar.

– Det er ikkje så lenge sidan rådhuset i grannebygda Volda gjekk opp i røyk. Her er meir enn nok installasjonar på eit rådhus til at det vert skapt reell brannfare. Brenn det utanom kontortida, kan ein rekne med overtenning før noko vert oppdaga, vurderer Aam. Brannsjef Einar Ytre-Hauge var ikkje tilgjengeleg for kommentar fredag, heller ikkje rådmannen.

<strong>aam:</strong> Drifts- og vedlikehaldsleiar Stein Aam nektar på ta på seg brannansvar for rådhuset. Foto: Knut Arne Aarset
<strong>varslar:</strong> Berre to slike finst på heile Ørsta rådhus. Dei ligg lause på brannmeisteren sitt kontor og vert brukte i utadretta førebyggjande opplæring... Foto: Knut Arne Aarset