Det er i alle fall spådomen ein kan lese ut av milten frå grisen som er slakta i Otterdal i Hornindal i haust.

- Vi slaktar gris kvart år, og utfrå grisemilten spår vi snømengda, fortel Reidun Otterdal som jobbar i Hornindal barnehage.

Og denne veka har barna i barnehage fått studere grisemilten, medan dei ventar på snøen.

Følg smp.no på Facebook

Litt til jul

Det er far til Reidun, Rasmus Otterdal, som er eksperten på grisemilt som vêrteikn. Utfrå breidda og høgda på milten, kan han seie noko om når snøen kjem og kor mykje som vil kome.

Konklusjonen i år er at det blir litt snø til jul og elles bra med snø i januar og februar.

- Det blir mindre snø i starten av januar, men tek seg opp i slutten av månaden og utover til mars, seier Reidun Otterdal.

Slår til

- Brukar grisemilten å stemme?

- Ja, sjølvsagt. Stort sett stemmer det ganske bra, smiler Reidun.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Ho legg likevel til at det ikkje stemde i fjor, men det er gløymt i år.

- Det vi ser no er vår tolking, og så får vi sjå om det slår til, seier ho.

Ifølgje Facebook-sida til barnehagen trur barna at det kjem snø 1. desember, samt 17. og 24. desember. 15. mars er den dagen det kjem mest snø i heile vinter, om spådomen slår til.

Best med snø eller barmark? Bruk kommentarfeltet!