– Det er trist at regjeringa ikkje fekk til større kutt i formuesskatten slik dei hadde lova, seier Tore Ulstein, styreleiar i Ulstein Group og president i NHO.

Av budsjettavtalen mellom Høgre, Frp, Venstre og KRF framgår det at kuttet i formuesskatten ikkje blir like stort som i regjeringa sitt forslag. Satsen blir sett til 0,85 prosent. I dag er prosentsatsen 1 prosent, medan Høgre og Frp foreslo ein sats på 0,75. Botnfrådraget forblir det same som i regjeringa sitt forslag.

Ny modell for arbeidande kapital

I budsjettforliket ber dei fire borgarlege partia regjeringa om å greie ut ein modell for formuesskatt der såkalla arbeidande kapital er fritatt for skattlegging.

KrF har lenge ivra for å skilje ut arbeidande kapital, som partiet meiner hemmar næringsinvesteringar i alt frå maskiner til traktorar og fiskebåtar. KrF vart fredag einig med Høgre, Frp og Venstre om neste års statsbudsjett.

I eit verbalforslag ber Stortinget ganske enkelt regjeringa om å «greie ut ein modell for formuesskatt der arbeidande kapital fritas for skattlegging».

Eigenkapital

– Det skal blir interessant å sjå kva dei vil rekne som arbeidande kapital og ikkje. Det er nokre problemstillingar knytt til dette, seier Ulstein.

Han seier ei viktig problemstilling er kor høg soliditet ei bedrift bør ha, kven skal bestemme det?

– God soliditet med tilhøyrande god eigenkapital er viktig spesielt i dårlege tider, seier Ulstein.

Han legg ikkje skjul på at han er skuffa over at regjeringa på kort sikt ikkje gir meir hjelp i det som han seier no blir ei vanskeleg tid for mange bedrifter.

Innovasjon

Ulstein Group har formuesverdiar på i overkant av 1,5 milliardar kroner. Forumesskatten er i dag 1 prosent.

– Som bedriftseigar må vi ta ut utbytte frå eiga bedrift for å betale dette. Med redusert formuesskatt kan vi satse enno tyngre på å utvikle bedrifta vidare. Dersom vi hadde spart 15 millionar kroner i formuesskatt, vil det utgjere rundt 10 prosent av satsinga vår på forsking og utvikling, sa styreleiar Tore Ulstein i Ulstein Group til Sunnmørsposten tidlegare i haust.

Vekst

– Det sterke personlege eigarskapet i vår region gjer at det er særleg viktig korleis skattesystemet blir forma ut og at arbeidande kapital er fritatt for skattlegging, seier regional- og næringssjef Bergljot Landstad i Møre og Romsdal fylkeskommune.

51 prosent av verdiskapinga i Møre og Romsdal skjer i lokaleigde bedrifter. Dette er ein liten vekst, frå 49 prosent i 2003. Det viser ein analyse utarbeidd av Menon Business Economics på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune og som vart offentleggjort fredag. Lokaleigde bedrifter er altså kjernen i næringslivet i Møre og Romsdal. For Sogn og Fjordane er denne andelen enno høgare, rundt 60 prosent. Landsgjennomsnittet er 34 prosent.

15 prosent av verdiskapinga i Møre og Romsdal skjer i utanlandskeigde bedrifter - også dette er ein vekst, frå 11 prosent i 2003.

– At vi har både lokaleigde og utanlandskeigde bedrifter er viktig for oss, og er konkurranseskjerpande, seier regional- og næringssjef Bergljot Landstad i Møre og Romsdal fylkeskommune.

– Lokal forankring gjer at bedriftene tenkjer langsiktig. Samtidig er graden av utanlandsk eigarskap ein test på om vi er attraktive, seier Landstad.

Stortingstoppene enige om budsjettforlik. Høyres parlamentariske leder Trond Helleland, Frps parlamentariske leder Harald Tom Nesvik, KrF parlamentariske leder Knut Arild Hareide og Venstres parlamentariske leder Trine Skei Grande. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix