Det har vore eit trafikkuhell i Strandadalen, måndag morgon, melder Møre og Romsdal 110-sentral:

Ein bil har hamna på taket ved golfbana, og både brannvesene og politi vart sendt til staden.

- Det er ein varebil som har køyrt av vegen, nært golfbana. Føraren var åleine i bilen, og vedkommande er ikkje skadd. Det er heller ikkje mistanke om rus, seier operasjonssjef Arild Reite ved Sunnmøre politidistrikt.

Det er oppretta sak etter hendinga. Stranda lensmannskontor etterforskar vidare.

Har du tips eller bilde i saka? Kontakt oss på 95 400 400 eller 95400400@smp.no