I første omgangen vil han finne ut om det er mogeleg å bruke reserveferja på søre Sunnmøre. Men etter kvart må det setjast inn ei større ferje permanent slik at ruta får avgangar kvar 20. minutt.

Det må vere ei 85 eller 100 bilars ferje.Enkelte tider på dagen er sjølv dei to 120 bilars ferjene som går der i dag for små, og det har vore Texas-tilstandar på Hareid ferjekai når det er kamp om å kome med.

Frå 1. januar er det frykt for at kapasiteten i røynda går ned, fordi Statens vegvesen og fylkeskommunen tidlegare har vedteke at ei av dei nye ferjene skal bytast ut med ein gamal dobbeldekkar.Saka kjem opp i samferdsleutvalet tysdag og i fylkestinget 8. desember.

I første omgangen vil rådmannen tinge med Norled om å styrke ferjesambandet, men dersom det ikkje går, er det tilrådd at fylkestinget går inn for at fylkeskommunen sjølv skal gå ut og kjøpe opp kapasitet.

Å setje inn reserveferja alt frå 1. januar skal vere vanskeleg å få til, fordi det skal rekrutterast mannskap og det tek tid. Men dersom reserveferja kjem i fast rute er den også rask å setjast inn i andre samband som har driftsavbrot. Når ei av dei faste ferjene i andre samband er ute av drift og reserveferja må inn og erstatte, vert det problem Hareid- Sulesund dei dagane. Men det få ein leve med.

Fylkesrådmannen har arbeidt så mykje med å avklare spørsmålet om bruk av reserveferja, at det ikkje har vore tid enno til å sjå på ei fast løysing.

I starten av det nye året er ikkje trafikken på topp, så det kan vere tids nok å vente med ei tredje ferje til ut på nyåret når det er skaffa mannskap til ferja.

I første omgangen vil ha ikkje setje den tredje ferja inn i fast rutetabell, men kla ferja gå 22 avgangar på laust.