Ein buss frå Nettbuss sklei av vegen og inn i ein snøskavl på fylkesveg 60 i Kjellstadlia, søndag kveld.

- Ingen personar er skadd, men bussen må ha hjelp av bergingsbil, seier operasjonsleiar Borge Amdam ved Sunnmøre politiidistrikt til smp.no ved 22-tida. Utforkøyringa var lenge ukjent for både politi og for vegtrafikksentralen.

Bussen skal ha vore på veg til Sykkylven, og ifølgje NRK Sogn og Fjordane var det rundt ti personar om bord.

- Bussen køyrde ganske forsiktig, men brått sklei han berre rett av vegen og hamna i grøfta. Det var ikkje veldig dramatisk, men likevel litt ekkelt då bussen brått la seg over på sida, og ned mot snøen i grøfta, seier ein av passasjerane, Ingrid Moss Kolseth til kanalen.

Då smp.no snakka med bergingsselskapet som var på staden for å hjelpe bussen på vegen att rundt klokka 22.15, var bergingsoppdraget alt fullført.

Ifølgje NRK sogn og Fjordane var planen å sende passasjerane vidare med drosje.