Før kunne du velje mellom bokmål og nynorsk på regjeringa si nettsider. Regjeringen.no var bokmålsversjon, og Regjeringa.no var nynorskversjon. No er dette valet tatt bort etter ei omlegging rett før jul.

– No ser det ut som ei bokmål-nettside. Dette er ein måte å usynleggjere nynorsken på, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) til Sunnmørsposten om regjeringa sine nettsider. Måndag sende han eit brev til Statsministerens kontor:

– Som ordførar i ei nynorskkommune er eg svært overraska over at mitt språk - eit offisielt språk i Noreg - no er fjerna frå Regjeringa sine nettsider. Eg legg rett og slett til grunn at dette er eit arbeidsuhell, og vil oppmode om at det blir retta opp raskast råd, skriv Bjørlo i brevet.

– For ordens skuld gjer eg merksam på at dei to andre av våre tre statsmakter - Stortinget og Domstolane - brukar nynorsk og bokmål som jamstilte målformer på sine nettsider, skriv ordføraren vidare.

– I god von om at saka blir løyst, og vi får Regjeringa.no attende, vil eg ynskje Statsministeren og andre på SMK ei fredeleg julehelg og godt nytt år! avsluttar ordførar Alfred Bjørlo.

Språkrådet: Fyller ikke kravet

Ved Statsministerens kontor får Sunnmørsposten opplyst at Språkrådet har vore involvert i omlegginga. I staden for ei nynorskside og ei bokmålside skal det no vere ei felles side, med minimum 25 prosent nynorsk. Språkrådet stadfester at dei har vore spurt om råd.

– Regelverket opnar for ein slik modell. Språkrådet har vore inne i prosessen og informert om regelverket, seier direktør Arnfinn Muruvik Vonen. – Ein fordel med ei slik veksling er at begge målformer er synlege for begge målgrupper. Ein annan fordel er at ein slepp dobbeltarbeidet, seier Vonen.

Han ser også utfordringar. No rett etter omlegginga framstår Regjeringen.no som ei bokmål-nettside. Kravet er at det skal vere minst 25 prosent nynorsk. Vonen er usikker på om kravet kjem til å bli oppfylt over tid.

– Dersom ein berre ser bokmål, slik ein gjer akkurat no, så er krava i regelverket sjølvsagt ikkje oppfylt, seier Vonen måndag ettermiddag.

– Begge målformer godt synlege

Den grunnleggjande informasjonen, som ligg der uavhengig av løpande nyheiter og dokument, ser ut til å berre vere på bomål. Også dette er direktøren av Språkrådet kritisk til.

– Det er viktig at begge målformene er godt synlege, og det blir dei ikkje dersom alle dei faste tekstane er berre på den eine målforma. Vi kjem til å følgje nøye med på korleis vekslingskravet blir oppfylt over tid, seier språkråd-direktøren.

– Under etablering

Regjeringa stadfestar at dei ønskjer flest muleg skal kunne lese innhald både på nynorsk og bokmål. Avdelingsdirektør Erik Bollestad ved informasjonsavdelinga i Service- og tryggingsorganisasjonen til departementa seier til Sunnmørsposten at nynorskandelen på Regjeringa.no blir styrka i tida som kjem. Vidare understrekar han, no rett etter omlegginga, at dette er ei nettside under etablering.

– Ein del av det tidlegare dobbeltpubliserte materialet vil bli publisert på nynorsk på den nye løysinga. Dette vil gjelde både fast innhald og løpande nyheiter og dokument. Vår målsetjing er at vi skal oppfylle kravet til at minimum 25 prosent av innhaldet blir publisert på nynorsk. I tida framover blir det publisert innhald både på nynorsk og bokmål, seier avdelingsdirektøren.