– Slike som Hessen og Furseth gjer ein viktig jobb. Vi er glade for at vi har dei, seier arkeolog Kristoffer Dahle i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Valldalingen Furseth og ålesundaren Hessen er uhyre forsiktige når dei gjer desse funna. Og det er Dahle glad for.

– Det er snakk om svært skjøre saker, så vi vil helst at dei som gjer slike funn ikkje tek dei opp, men i staden dokumenterer funnet ved hjelp av foto og nøyaktig plassering, før dei ringjer oss.

Funn

På eit seminar i Molde i går, arrangert av fylkeskommunen, var funn i fonn og fjell tema, der ein tok for seg registrering, sikring og forvaltning.

Arkeolog Morten Ramstad ved Universitetet i Bergen kunne fortelje at det dei siste åra er blitt gjort sensasjonelle funn i fjella.

– Oppsiktsvekkjande. Det sa Ramstad til Sunnmørsposten då vi for to år sidan vart med på undersøkingar i Langfjelldalen i Norddal kommune. Arkeologane grov her fram den aller første steinalderbusettinga som var gjort i høgfjellet på Nordvestlandet.

Her kunne han vise fram over 10.000 år gamle pilespissar av flint. Pilespissane er spor etter dei første nordmennene.

– Dette er ikkje berre det første høgfjellsfunnet på Nordvestlandet, men i heile Bergen Universitetsmuseum sitt område – altså Hordaland, Sogn og Fjordane og Sunnmøre, la Ramstad til.

Meir

På seminaret i Molde vart det fortald om fleire nye funn berre det siste året, mellom anna på Fetegga, Ringshornet og Oaldsegga. Her er det funne fleire tusen år gamle pilespissar, heile piler, beinrestar og gevir.

På Ringshornet fann Hessen ei pil frå 430–510 e. Kristus. Arkeologar leita meir i området der fonna hadde smelta, og fann ein skremmepinne frå 80–240 e. Kristus, og delar av ei pil som var frå 1.050–910 år før Kristus.

Bjørn Hessen og Astor Furseth håpar å gjere nye funn.

– I fjor var eg i høgsesongen på tre turar i veka, seier Hessen.– Og eg var på rundt 30 rapporteringsturar, legg Furseth til.

<strong>FUNN:</strong> Arkeolog Kristoffer Dahle (til venstre), med nye funn gjort i Rauma. Bjørn Hessen og Astor Furseth studerer dei nøye. Foto: TERJE ENGÅS