Arbeidsløysa var stabil gjennom 2. halvår 2014, men den siste månaden ser vi at sesongjustert arbeidsløyse har ei auke på over 100.

Figuren som viser utvikla for sesongjustert arbeidsløyse tilbake til år 2000 syner at dette er ei lita auke sett i historisk perspektiv. Januar er ein månad som alltid har mange arbeidslause samanlikna med andre månader. Tal på arbeidslause har auka mykje frå desember i fjor til no i januar.

– Normalt vil arbeidsløysa gå ned utover våren, men på grunn av blant anna konsekvensar av lågare oljepris er det spenning knytt til utviklinga utover våren, seier fylkesdirektør Stein Veland i NAV Møre og Romsdal.

I Sogn og Fjordane er det derimot ein annan situasjon:

– Vi har no i januar 1260 personar heilt utan arbeid. Dette svarar til 2,2 prosent av arbeidstyrken og er 72 færre enn i januar i fjor, seier direktør Tore Thorsnes i ei pressemelding fredag.

8,9 prosent auke

I januar 2015 er det 3 547 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det svarar til 2,6 prosent av arbeidsstokken og er ei auke i arbeidsløysa på  8,9 prosent frå same månad i fjor.

I januar 2015 har NAV 501 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 179 færre enn i januar 2014. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 4 048 personar i fylke. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,3 prosent for kvinner og 2,9 prosent for menn. 2,6 prosent i sum.

Sogn og Fjordane har flest i arbeid

Dei lokale tala viser at prosentmessig er det Stordal, Ørskog, Ålesund og Midsund som har høgast andel arbeidsløyse no i januar, med høvesvis 3,6; 3,0; 2,9 og 2,9 prosent. Til samanlikning har Kristiansund 3,6; Molde, 2,1 og Halsa 3,5. Lågast er det i Norddal med 1,5 prosent.

Lågast arbeidsløyse i heile landet har Sogn og Fjordane med sine 2,2 prosent mot Telemark og 4,0 prosent i andre enden av skalaen.

– Når vi tek med at vi har fleire i tiltak og noko fleire permitterte i fiskeindustrien enn på same tid i fjor, er situasjonen ganske stabil. Dette er også i tråd med prognosen vår, seier Thornes i NAV Sogn og Fjordane.

Industrien går godt

Helse, pleie og omsorg og barne- og ungdomsarbeid har størst nedgang i arbeidsløysa. I begge kategoriane er det 26 færre ledige enn på same tid i fjor. I industrien er det 24 færre ledige.

– Det er verd å merke seg at til tross for fleire permitterte i fiskeindustrien, kjem industri samla sett godt ut. Det tydar på at store delar av industrien i fylket går godt, seier Thorsnes.

Solund, Leikanger og Gaular, alle med 0,9 prosent, har den lågaste arbeidsløysa i fylket. På den andre sida av skalaen finn vi Bremanger med 5,3 prosent og Vågsøy med 4,1 prosent.

I landet er det 82.577 heilt ledige. Dette er 3,1 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 3,2 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Direktør Tore Thorsnes i NAV Sogn og Fjordane. Foto: Petter Sandvik