– Det var opprinnelig meldt om i alle fall to skred, eitt av dei på nordsida av Blåfjellet. Der vart det meld om at det gjekk fire spor inn og fire spor ut av skredet. Det gjort søk, og ein har ikkje funne teikn på at nokre personar er involvert, sa redningsleder Johan Mannsåker ved Hovedredningssentralen Sør-Norge til NTB tidleg laurdag ettermiddag.

– Det var også meld om skred på sørsida av Kambafjellet, men heller ikkje der er det noko som tyder på at nokon har blitt tatt, sa Mannsåker.

Det vart så gjort søk i området, og ingen menneske blei funne. Søka blei avslutta laurdag ettermiddag.

Mange i fjellet

Skredområdet ligg i nærleiken av Sogndal skisenter og blir mykje brukt til frikjøring.

– Det er mange folk i fjellet sidan det er laurdag, sa operasjonsleiar Inge Værøy i Sogn og Fjordane politidistrikt til NTB ved 13-tida.

Stengde heisa

Skiheisa som fraktar skituristar opp i området, vart stengd etter rasa.

Ein luftambulanse fra Førde og eit Sea King-redningshelikopter fra Florø blei send for å undersøke skredområdet. Også Røde Kors og Norske Redningshunder har teke del i arbeidet.