Ein einebustad i Svartebekkvegen har fått store skadar etter en brann, torsdag føremiddag.

- Skadane er omfattande, men kor omfattande er ikkje opp til oss å vurdere, seier operatør Steinar Sandvik ved Møre og Romsdal 110-sentral til smp.no.

- Brannvesenet driv ved 13-tida framleis med ettersløkking på staden, legg han til.

110-sentralen fekk melding om brannen i bustadhuset klokka 11.38, og dei første meldingane gjekk på brann i kjøkkenet.

- Då brannvesenet kom til staden fekk vi melding om at huset var overtent, seier operatøren.

Alle naudetatar vart sendt til staden, og Sunnmøre politidistrikt opplyste klokka 11.52 at det vart meldt om opne flammar.

Ifølgje politiet var det ikkje folk i huset då brannen starta.

Eit vitne ringde brannvesenet då dei såg flammane gå gjennom taket. Fem minutt seinare tok dei biletet til høgre i saka.

– Eg kom køyrande og trudde først det var eit bål. Så skjønte eg at det var huset det kom røyk frå, fortel vitnet.

Vedkomande var ikkje den første som varsla 110-sentralen, som var på staden like før klokka tolv torsdag.

– Då såg eg det byrja å kome flammar ut frå taket. Det gjekk svært fort, fortel vitnet til smp.no.

Har du tips eller bilde til denne saka? Tips oss på 95 400 400 eller på 95400400@smp.no!

Husbrann på Svartebekk i Sykkylven torsdag. Foto: Robert Kvam
Husbrann på Svartebekk i Sykkylven torsdag. Foto: Robert Kvam
Husbrann på Svartebekk i Sykkylven torsdag. Foto: Robert Kvam
Foto: Arild Aure/Sykkylvsbladet / SMP-tipsar
Ein nabo tok dette biletet då dei såg flammane gå gjennom taket. Foto: SMP-tipsar