Anna Linnea Aske Sivertsen frå Volda er ei handlekraftig ung frøken. På Møre-Nytt sine sider kan ein tysdag lese kva ho gjorde, då Øyra skule sa nei på søknaden hennar om å få tre dagar fri i etterkant av vinterferien for å besøke mor si i Bergen: Ho sende klage til fylkesmannen.

- Fagleg forsvarleg

I eit handskrive brev som mora fortel til smp.no at dottera har skrive sjølv - rett nok med litt hjelp, ber Anna Linnea om ei ny vurdering av søknaden. Ho meiner det er fagleg forsvarleg med permisjon, og peikar mellom anna på at ho skulle jobbe mykje, både med lesing, skriving og matematikk, under besøket.

- Ho skulle jo også vere med meg på jobb på Høgskolen i Bergen. Eg underviser lærarstudentar i nett lese- og skriveopplæring, og eg er heilt sikker på at ho hadde hatt utbytte av det, seier mamma Jorunn Aske. Ho pendlar mellom Volda og jobbstaden Bergen.

Ikkje fått svar

- Har de fått svar på klagen?

- Nei, ikke enno. Men vi håpar å få det før vinterferien er over. Det er nemleg då denne permisjonen skulle ha vore, fortel mora.

Enn så lenge er Anna Linnea i Bergen. Først på vinterferie - og for hennar skuld forhåpentlegvis etterkvart også på utvida besøk.