Sykkylven Frp har halde årsmøte og plassert Olav Harald Ulstein på topp på lista si til kommunevalet.

- Eg er sjølvsagt glad for tilliten lokallaget har vist meg, seier Ulstein, som er varaordførar i inneverande periode.

- Kva kvalitetar har du, som kan vere gode å ha, om du no skulle bli ordførar?

- Det... Det kom brått på, seier Ulstein - og ler godt.

- Du har kanskje ei hjartesak?

- Det har eg. Barne- og ungdomsarbeid har alltid vore viktig for meg, at dei skal ha eit bra tilbod, seier mannen som for mange et best kjent for deltakinga si reality-serien Farmen på TV 2 i fjor.

Les også: Magnhild vant Farmen 2014

Vidare på Frp-lista følgjer vidare Anita Vollstad, Svein Tore Sørgård, Cecilie Naustenget, Torgeir Aurdal, Jørgen Kvam, Silje Hausvik, Arild Gjelstenli, Magnar Gjerde, Silje Angelica Liseth, Nina Ulstein, Svein Skarberg, Dag Arne Dimmen, Eva Tynes og Geir Helge Grebstad.

Dei fire første på lista er kumulert.