Lengst ute i havgapet ligg fugleøya Runde. Øya er kanskje meir kjend som Fugleøya, då det kvart år, frå februar til august hekkar meir enn 500.000 fuglar der. Den vesle øya har ikkje meir enn 90 fastbuande. Men post får dei, kvar dag.

— Eg saknar mangfaldet med å bu i byen. Elles trivast eg svært godt, seier Mariann Grønningsæter (30), postbod på øyane utanfor Fosnavåg.

I 2013 sendte og leverte Posten i Norge 37,8 millionar pakkar og 2074 millionar brev. Til alle krikar og krokar i landet. Der det er postkasse, er det post.

— Då eg starta i yrket hadde eg ein romantiske draum at eg skulle levere ein heil del handskrive brev. Det er dessverre langt mellom om dei. Folk sender knappast julekort lenger, så det er mest rekningar og reklame dessverre, ler Grønningsæter.

Postbodet

Det heile starta med ein sommarjobb i Ålesund.

— Før var det veldig sosialt. Her ute møter eg berre kollegaene mine om morgonen og i lunsjen. I Ålesund sorterte vi posten i lag, men det er no effektivisert og her ute er sorteringa lokalisert i Ulsteinvik.

Det var kjærleiken som drog Ålesundaren med ut i havgapet. Dei busette seg på Remøya, utanfor Fosnavåg, og saman har dei ein son på to og eit halvt år.

— Det beste med jobben er å få arbeide ute. Spesielt om sommaren. Då er det jo draumejobben. Fint vær og lite post. Det er litt verre i full storm og kuling, seier 30-åringen.

Arbeidsdagen

Posten blir levert, ferdig sortert, klokka halv ti i Fosnavåg.

— Då fyller vi opp bilane våre og startar på ruta. Det kan vere alt frå brev og reklame til privatpakkar som skal leverast på døra. Så er det berre å halde på til ein er ferdig, fortel Grønningsæter.

Ruta til Mariann er ikkje heilt i som då ho jobba i Ålesund. Bølgjene frå havet slår nesten opp til husa, og vegane svingar seg mellom bustadfelta. Opp den eine brua etter den andre, frå øy til øy. Utsikta kan ta pusten frå kven som helst.

— Det mest utfordrane er vel å nå igjennom heile ruta. Er det mykje post er det knapt med tid. Det er relativ lange avstandar frå postkasse til postkasse, og det blir mange stopp i løpet av ein dag.

Enn så lenge

Sjølv om det heile verkar ganske romantisk der ute i havgapet, er det eit lite alvor å skimte i framtida.

— Meir og meir blir sendt elektronisk og det er langt mellom dei private breva. Bedriftene er dei som brukar oss mest, og dei set framleis stor pris på oss, fortel Grønningsæter.

Sjølv om ein kanskje skulle tru at posten har hendene fulle i desse netthandlingstider, blir meir post henta på postkontor og mindre levert på døra.

— Vi har og med oss forskjellege banktenester. For dei som til dømes bur ute på Runde, er det langt til postkontor.

Betre i gamle dagar

Knut Asle Goksöyr eig campingplassen heilt ute med fuglefjellet.

— Eg er av den gamle sorten. Eg likar å brette papiravisa utover frukostbordet.

Han set stor pris på at posten tek seg tid til å køyre heile vegen ut, kvar dag, for å levere posten.

— Før i tida hadde postboda betre tid og takka gjerne ja til ein kopp kaffi. Dei nye har det mykje travlare, stakkars, seier Goksöyr.

Med kikkert

Musikk strøymer ut av bilen medan Mariann hoppar ut og inn med ny post.

— Det var herleg å komme tilbake på jobb etter mammapermen. Jobben er ein pust i bakken frå alt anna. Eg kosar meg jo med bilkøyring og radio!

I eit vindauge står ei gammal dame med kikkert og kikkar langt etter Mariann.

— Det er ikkje lenger mange som sit å ventar på posten. Men det er nokon pensjonistar som framleis sit og ser etter at eg er i rute, smilar postbodet.

– Om sommaren er dette drøymeyrket. Fint vær og fantastisk utsikt. Det er verre om vinteren, seier Mariann. Foto: Malene Indrebø-Langlo
Det er ikkje alle som har denne utsikta frå kontoret.
Før var dei ikkje så travle desse postboda. Men vi her ute set stor pris på at dei kjem kvar dag, seier Knut Asle Goksöyr. Foto: Malene Indrebø-Langlo
– Det starta som ein sommarjobb. Så balla det berre på seg, seier Mariann Grønningsæter. Kjærleiken drog Ålesundaren med seg til Remøya utafor Fosnavåg.