For snart eitt år sidan, fortalde TV 2 historia om kva som skjedde då mamma, Bente Fremmerlid, prøvde å få skulen til å gi sonen Are Fremmerlid Sørset (11) meir utfordrande og tilpassa matematikk.

— Are er en såkalla skuleflink gut, og spesielt i matte. Dei hadde halde på ei stund med å fargelegge tal, og Are heldt på å kjede vettet av seg fordi det gjekk så seint, fortalde Fremmerlid til Sunnmørsposten for eit år sidan.

Etter fleire episodar der Are fekk kjeft og ikkje motivasjon for å vere flink, tok foreldra opp kampen for ei betre tilrettelagt undervisning til sonen. I TV 2 sitt program «Vårt lille land» fortel Fremmerlid at etter fleire forsøk på å gjere situasjonen til Are betre, fekk familien beskjeden om at dei var meldt til barnevernet av daverande rektor på Stette skule- og barnehage.

– Grunnen var at tilsette og leiinga på skulen over lengre tid skulle ha vore bekymra over det som blir omtalt som «høgt konfliktnivå» hos oss som foreldre – både i forhold til skule og lokalmiljø, fortalde Fremmerlid til Sunnmørsposten.

Barnevernet henla

Etter tre månader med gransking av familien henla barnevernet saka.

– Dette er maktmisbruk. Det er ei sak som ikkje skulle ha vore, og så har det gått prestisje i det, sa Fremmerlid. Ifølgje TV2 vil foreldra no saksøke kommunen.

Heller ikkje kontrollutvalet hadde forståing for påstandane og gjekk stekt ut mot eiga kommuneleiing og meinte dei måtte ta sjølvkritikk i saksbehandlinga.

Les også: Krass kritikk i barnevernsak

– Feil fakta

Kritikken blei avvist av kommuneadvokat Kristin Otterlei.

– Innstillinga til kontrollutvalet omhandlar eit fagleg skjønn frå skulen si side som kontrollutvalet ikkje har mandat til å overprøve, seier advokaten og fortsett:

– Kontrollutvalet legg her til grunn ei feil forståing av barnevernlova, og ser ut til å ha basert seg på feil fakta.

Kommuneadvokaten meinar at saka har vore feilsitert av TV 2 opp til fleire gongar, både når det kjem til at rådmannen skal ha diagnostisert guten og til kva grunnen til bekymringsmeldinga var.

– Kommuneleiinga har ikkje gjort nokon feil i denne saka, sa advokaten før møtet i kontrollutvalet.

Les fleire nyheter frå Ålesund og omland på smp.no

Skodje kommune vurderer no å melde TV 2 inn for Pressens faglege utval (PFU) grunna av bruk av feil fakta.

– Det overraskar meg og at kontrollkomiteen vedtok å overstyre Fylkesmannen i denne saka. Sit dei på informasjon som kommunen ikkje har, så må det komme fram.

I møtet

Måndag formiddag var kontrollkomiteen samla i Ålesund.

– Grunna saka si alvorlege karakter vel vi å sende saka ut på høyring med ein frist på tre veker, sa Vigdis T. Bye, leiar i kontrollutvalet i Skodje kommune.

Forslaget blei samrøystes vedteke. Det var kommuneadvokaten fornøgd med, sjølv om ho gjerne skulle hatt svar på dei spørsmåla ho stilte rundt saksbehandlinga i kontrollutvalet.

– Det er rart at dei ikkje vil svare på dette før etter neste høringsrunde. Men at dei vel å sende ut saka på ei ny høyringsrunde, tek vi som eit signal om at kontrolutvalet ser det som viktig å gå ei runde til i denne saka. Det syns eg er ei klok slutning, seier Otterlei.