Både Geiranger og Olden kan melde om nedgang i talet på cruiseskip i år, som i resten av landet.

– Men sjølv om det blir færre anløp i sommar, så reknar vi ikkje med noko særleg endring i talet på cruiseturistar. For vi har fått ein ny generasjon av skip som er større enn før, seier hamnesjef Rita Berstad Maraak i Stranda hamnevesen.

Difor har ho budsjettert med 300.000 cruisebåtturistar til Geiranger i år - som i fjor. Hellesylt får 115 anløp i år, om lag det same som i fjor. Så å seie alle skipa som går til Hellesylt, har først vore innom Geiranger, eller skal dit etterpå.

Disney

Rita Berstad Maraak fortel om spanande dagar og månader framover sommaren, der eit av høgdepunkta blir besøk av «Disney Magic» 10. juni og 24. juni. Det same skipet skal også til Olden 26. juni.

18. juli kan turistane få flotte fotomotiv i Geiranger, når dei tre seglskutene «Sørlandet», «Statsraad Lehmkul» og «Christian Radich» ankrar opp.

Gjer som fleire enn 21.000 andre - lik smp.no på Facebook

Også for dei som skal ta seg av cruisebåtturistane på land blir det travle dagar.

– Om lag halvparten av passasjerane har på førehand kjøpt seg tur på land. Men vi ser at stadig fleire vel å gå i land på eiga hand, der dei kjøper seg sightseeingturar på fjorden, eller leiger syklar, båtar eller kajakkar. Andre vel å gå seg ein tur. Den nye fossevandringa oppover bygda er blitt populær, legg hamnesjefen til.

Flest frå Tyskland og England

Om ein skal dele cruiseturistane inn i nasjonalitetar, så er tyskarar og engelskmenn i fleirtal. Men svært mange nasjonar er representerte.

I sommar er det tinga plass til 28 anløp ved nye SeaWalk-kaia på Geiranger. På Hellesylt går derimot alle skip til kai, så sant det er ledig plass her.

Sesongslutt

Cruisesesongen i Geiranger blir avslutta 19. september med «Artania». I Olden varer sesongen litt lenger, til 12. oktober, når «Magellan» legg til kai.

På Hellesylt kjem første skip, «Black Watch», 15.mai - og sist ut er «Boudicca» 16. september.