Politiet jobbar laurdag kveld med ein sak som er meldt inn i Sykkylven.

– Vi fekk melding om at ein person hadde tatt tak i to gutar i Sykkylven sentrum. Politiet jobbar no med å kartlegge årsaka, seier operasjonsleiar Tor Andre Gram Franck i Sunnmøre politidistrikt til smp.no.

Politiet har snakka med foreldra og kome i kontakt med ein bilførar.

– Det er for tidleg å uttale seg noko om bakgrunn og årsak, seier operasjonsleiaren til smp.no.

Etter det smp.no kjenner til skal det vere snakk om unge gutar rundt 13-14 år.

– Mistenkte er no inne til avhøyr, seier Gram Franck.

– Korleis kom politiet i kontakt med vedkomande?

– Vi fekk ei skildring, så fann vi ein bil og tok kontakt.

Det er ein mann i midten av 40-åra som er mistenkt for å ha «tatt tak i» gutane.