Fiskeridirektør Liv Holmefjord anbefalr at Fiskeridirektoratet skal ha tre regioner i framtida; region Nord, region Midt og region Sør. Ho vil mellom anna flytte regionkontorfunksjonane i fiskerikontoret i Måløy til Bergen. Dette skaper kraftige reaksjonar i Sogn og Fjordane Høgre, som for få dagar sidan vedtok på fylkesårsmøtet å vidareutvikle regionkontoret i Måløy. Dette skriv partiet i ei pressemelding.

- Eg er svært skuffa over at Fiskeridirektøren vil flytte funksjonane frå Måløy til Bergen, seier stortingsrepresentant Bjørn Lødemel.

Svært skuffande

Ordførar i Vågsøy kommune, Morten A. Hagen legg til at dei ikkje kan akseptere at regionkontoret i Måløy skal bli eit fiskerikontor. Han viser til at dei har eit stort kompetansemiljø som kan vise til svært gode resultat.

- Med den høge aktiviteten kring fiskeri og havbruk som er i Sogn og Fjordane er det heilt naturleg at eit regionkontor er plassert her i fylket, seier han.

Fylkesleiar Arve Mjømen seier det er svært skuffande at ikkje fiskeridirektøren satsar på dei etablerte fagmiljøa.