Dei siste vekene har det vore fleire dokument som omhandlar Fjord1 på postlistene til fylkeskommunen, skriv NRK Sogn og Fjordane. Her har NRK dei siste vekene funne dokument og innhaldstitlar som «Eigarskap i Fjord1», «notat vedr prosess», «Konfidensielt», «Utkast» og «prosess Fjord1».

Kanalen meiner det er grunn til å tru at Sogn og Fjordane vurderer sal av Fjord1-aksjar. Ingen politikar vil stadfeste dette.

– Eit sal kan vere ein fordel både for Fylkeskommunen som får tilført kapital, og det kan vere ein fordel for selskapet som kan få inn nye eigarar som kan utvikle selskapet vidare, seier Noralv Distad (H) til kanalen.

Robust

Resultatet for 2013 er ei forbetring frå 2012, men ikkje godt når omsetnaden er på 2,3 milliardar kronar, sa Per Sævik til Sunnmørsposten i fjor haust. Sævik-familien eig 41 prosent av aksjane, medan Sogn og Fjordane fylke eig 59 prosent.

I oktober hadde Fjord1 to dagars styreseminar og styremøte lagt til Thon Hotel Fosnavåg, med strategi og drift på dagsordenen. Sævik varsla at det måtte gjerast fleire grep for å få Fjord1 meir lønsamt.

– Med ein omsetnad på 2,3 milliardar kroner, og med nesten 1.300 årsverk, er det betydeleg storleik på selskapet. Innanfor desse parametra er det høve til å gjere grep som kan gjere selskapet meir lønsamt. Vi er berre nøydde til å få dette selskapet enda meir robust økonomisk, sa Sævik til Sunnmørsposten.