Lesar- og opplagstala for avisene i Noreg vart i dag publisert på Mediebedriftene.no.

Lesartala for avisene i Møre og Romsdal viser at det var langt færre som las papiraviser i 2014 enn det var i 2013. Til dømes har lesartalet til Tidens Krav gått frå 35 000 til 31 000, og Romsdals budstikke si papiravis gått ned frå 40 000 til 39 000. Tilsvarande har og Vikebladet Vestposten gått frå 12 000 til 11 000 lesarar.

Les også: Færre les avisa

Mindre nedgang på nett

Avisene følgjer same trend som resten av landet, nemleg at folk droppar papiravisa til fordel for å lese avisa på internett. Men her ser ein heller inga auke i dei lokale avisene. Aura avis og Driva held seg på same tal som fjoråret, det vil seie henhaldsvis 3000 og 5000 lesarar, medan Romsdals Budstikke går ned fra 25 000 til 24 000 lesarar på nett. Tidens Krav held seg også stabilt på 18 000 nettavislesarar.

Auke for Fjordenes tidende

Ei avis som har greid å auke lesartalet både i papiravisa og nettavisa er Fjordenes tidende. Dei har gått opp frå 14 000 til 15 000 lesarar på papir, og frå 4000 til 5000 lesarar på nett.