Vegard Flåskjer likar å bruke strømmetenesten Netflix når han skal sjå TVseriar og filmar. Netflix kostar kanskje berre 79 kroner i månaden, men blir nesten tusen kroner i året.
            (Foto: Olav Standal Tangen)

Vegard Flåskjer likar å bruke strømmetenesten Netflix når han skal sjå TVseriar og filmar. Netflix kostar kanskje berre 79 kroner i månaden, men blir nesten tusen kroner i året.Foto: Olav Standal Tangen

Meir bevisst når han kjøper klede

Over halvparten av oss veit ikkje kva vi bruker pengane på, ifølge ein ny undersøkelse. Vegard Flåskjer tenker sjeldan over kostnadane på matbutikken, men er meir bevisst når han kjøper kle eller ein gadget. Prøv «Luksuskalkulatoren» nedst i saka og sjå kor mykje du bruker i året.

Vegard Flåskjer er født og oppvaksen i Volda. Han er 26 år gamal, og arbeider som trafikklærar ved Rotevatn Trafikkskule i Volda og Ulsteinvik. Saman med sambuaren Emma og hunden Molly bur han i leiligheit på Klepp i Volda. Dette gjer at store delar av inntekta går til huslån, medan ei anna stor utgift er mat.

– Eg tenker nok sjeldan over kostnadane på Kiwi, og handlar ofte 3-5 gonger i veka. Då kjem det ofte med småvarer som brus og snop, seier han.

Mat er ei utgift vi ikkje kjem unna, men undersøkelsen viser at heile 30 prosent av oss ikkje veit kor mykje vi bruker på mat i månaden. Det er derfor her ein kanskje har størst sparepotensial, ifølgje forbrukarøkonom Silje Sandmæl i DNB.

Snus

Snuser eller røyker du vil dette fort koste deg dyrt. I alle fall om du gjer det dagleg. Vegard innrømmer sjølv at han tidlegare brukte å snuse, og at det gjekk ein heil del pengar på dette.

– Eg brukte sikkert 19 000 kroner i året på det. Men no har eg slutta, seier han godt fornøgd.

Snusslutten gjer at han no kan sette av meir til sparing i månaden.

– Sjølv om eg ikkje sparar heile beløpet, blir det omlag tusen kroner i månaden, seier han.

Test ditt forbruk i Luksuskalkulatoren nederst i saka.

Strømmetenester

No til dags er det svært vanlig å bruke internett og strømmetenester for å sjå film, TVseriar og høyre på musikk. Utvalet er stort, med blant anna Netflix, HBO Nordic, TV2 Sumo og Spotify.

Vegard bruker sjølv Netflix og Spotify aktivt, og trur faktisk han har to Netflix-kontoar.

– Eg har ein konto til meg sjølv, og i tillegg ein til broren min. So då blir eg vel fakturert to gonger, seier han forundra.

Han fortel at han ikkje tenker over utgiftene når det gjeld slike små beløp, sjølv om dei til saman kan utgjere mykje.

– Eg kjøper ofte lunsj i staden for å smøre meg niste, det kunne eg nok blitt flinkare til.

Les også: Ferdig med å spare

Luksuskalkulator

Under kan du i Sunnmørsposten sin Luksuskalkulator sjekke ditt eige forbruk av «luksusvarer» som strømmetenester og alkohol.

Før Vegard slutta å snuse brukte han 32 512 kroner i året, ifølge «Luksuskalkulatoren». Då han slutta reduserte han forbruket til 15 456 kroner.

Han reagerar på skilnaden, men er nok meir overraska over at dei andre postane utgjer so mykje.

– Det har eg ikkje tenkt over i det heile, men det stemmer sikkert.

Til sitt forsvar seier Vegard at han jobbar veldig mykje, og meiner han då har råd til å sløse litt.

Les også: Småbarnsfamilien har kontroll



Overraska over resultatet? Ikkje samd i at dette er luksus? Sei di meining i kommentarfeltet.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg. Ditt fulle navn må enten gå fram av epost-adressen eller oppgis som brukernavn/Facebook-profil

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Forbrukerundersøkelse

Ipsos MMI har gjennomført en undersøkelse på vegne av DNB om vi tenker over hva vi bruker penger på.

  • Folk vet ikke hvor mye penger de bruker på disse utgiftene i måneden:
  • Mat, drikke og andre dagligvarer - 30 prosent
  • Kiosk, kafé og lignende - 28 prosent
  • Klær og sko - 21 prosent
  • Uteliv (restaurant, kino, konsert og lignende) - 20 prosent
  • Ferie og reiser - 16 prosent
  • Personlig pleie - 15 prosent
  • Bil (drift, vedlikehold) - 14 prosent
  • Kilde: Ipsos MMI på vegne av DNB
Tips og råd

Banksjef i DNB Ålesund, Roar A. Juliebø, har tips til deg om hvordan få en mer ryddig og bedre privatøkonomi.

  • Gå gjennom gamle synder. Sjekk nettbanken og få oversikt over hva du har brukt penger på det siste halvåret. I DNB heter denne funksjonen «Min økonomi».
  • Sett av penger til regninger som kommer og gjør kvartalsvis eller halvårlige regninger om til månedlige. Opprett også avtalegiro eller e-faktura slik at regningene blir betalt til forfallsdato.
  • Skrell bort unødvendige utgifter. Hvilke utgifter du kan kutte avhenger av hva du ønsker å prioritere pengene dine på.
  • Sett deg ett konkret sparemål. Da blir det enklere å vite hvor mye penger du må sette av og hvordan du skal plassere pengene.
  • Sett opp et budsjett. Dette kan du gjøre i nettbanken, og det blir da enklere å følge med.
  • Følg opp budsjettet. Det er viktig at budsjettet ikke bare blir fjerne tall, men at du følger opp.
Vegard Flåskjer er overraska over kor mykje han bruker på ting han ikkje tenker over.
            (Foto: Olav Standal Tangen)

Vegard Flåskjer er overraska over kor mykje han bruker på ting han ikkje tenker over.Foto: Olav Standal Tangen

Leses nå
 

Forsiden nå:

Beitostølen:

Kanonløp av Øvrebust

Martine Lorgen Øvrebust frå Stordal vart nummer 10 på 10 kilometer fri teknikk under sesongopninga på Beitostølen søndag.

Byrjar med mottak av bilvrak

Ørsta-Volda får eit nytt alternativ når det gjeld å levere bilvrak.

Nektet å bli byttet ut

Volding var banens beste og målscorer da Molde slo Rosenborg

Etter en sesong med mye motgang, fikk Martin Ove Roseth (19) endelig noe å juble for.