Dette er eitt av fleire signal som samferdselspolitikarane i Møre og Romsdal sender til sentrale styresmakter i høve rulleringa av Nasjonal Transportplan (NTP) for perioden 2018–2027.

Stort etterslep

Samferdselsutvalet viser til at Møre og Romsdal er mellom dei fylka med størst etterslep på fylkesvegnettet, spesielt innanfor tunnelar, bruer og ferjekaier.

Forfallet som har kome fram er så omfattande og alvorleg at dei økonomiske overføringane må aukast vesentleg i høve til 2015-nivået. Det vert difor bede om at potten til å dekkje vedlikehaldsetterslepet vert auka til 15 milliardar kroner i NTP-perioden.

Når det gjeld ferjer, ynskjer samferdselsutvalet at det vert utarbeidd ein nasjonal ferjestandard. Den må leggjast til grunn for dei statlege overføringane for ferjedrift til fylkeskommunen.

Nyare ferjer

I tillegg må det skipast eit eige program for fornying av ferjeflåten.

Også når det gjeld riksvegferjedrifta har samferdselspolitikarane i Møre og Romsdal ein bodskap: Dei krev eit moderne og tidsmessige ferjetilbod tilpassa trafikkveksten med omsyn til frekvens – ønsket er avgangar kvart 15. minutt, og vidare når det gjeld kapasitet og miljømessig materiell.

Rassikring

For rassikring ber ein om at den samla potten må aukast utover dagens nivå, og at fordelinga mellom riksvegar og fylkesvegar framleis skal vere 50 prosent til kvar av ei samla statleg løyving til rassikring.

I vedtaket er det også med eit punkt om at eksisterande og potensielle flaskehalsar som skaper kø på vegnettet må fjernast.

Ein må analysere og setje i verk tiltak for å redusere frekvensen av stenging på punkta med hyppigast ikkje planlagde stengingar, og som er kritiske for framkome. Ellingsøytunnelen og Valderøytunnelen er døme på strekningar der slike tiltak bør vurderast.

Også midtdelar i Brusdalen og Stad skipstunnel er nemnt i vedtaket gjort av eit samrøystes samferdselsutval.