Eigedom kjem til å bli skattlagt sterkare i Norge. Politikarane kvier seg berre  for å gjennomføre dette.

Det sa Elisabeth Holvik, sjeføkonom i Sparebank 1, på Næringslivskonferansen Søre Sunnmøre i Ørsta torsdag..

Ho hadde fått i oppdrag å sjå på framtidsutsiktene for norsk økonomi. Og ho såg det som mange nok vil oppfatte som mørke skyer.

Nokon vekst i norsk økonomi såg ho iallfall ikkje.

- Veksten blir lågare, og oljeinvesteringane vil falle i fleire år framover, sa Holvik.

- Bustadprisane vil framleis auke, drivne opp av mangel på andre trygge sparemoglegheiter. I dei største byane vil prisane auke fem-seks prosent i året på grunn av sterk tilflytting, sa Holvik.

Ho trur også at Norges Bank kjem til å setje ned renta endå meir, allereie i mai eller juni.

- Men politikarane vil at ikkje at låg rente skal føre til at endå fleire ser på bustad eller eigedom som investeringsobjekt på line med aksjar. Difor kjem det nok instrammingar her. Eg tippar at det helst vil omfatte  bustad nummer to og tre. Politikarane veit at noko må gjerast på dette feltet. For det at bustad blir sett på som eit investeringsobjekt, og ikkje berre ein stad å bu, er kimen til problema. Men politikarane kvier seg fordi det slett ikkje blir populært, la Elisabeth Holvik til.

Ho samanlikana med situasjonen på 80-talet her i landet då vi opplevde ei bustadboble og ei gjeldskrise. Dette er ein risiko vi også står framføre no, dersom Norges Bank blir pressa til å halde ei låg rente over lang tid, sa sjeføkonomen i Sparebank 1.

- Fordelen for Norge slik situasjonen er i verdsøkonomien  no er at vi har vår eigen valutakurs. Og den norske krona har vore rekordlåg sidan i fjor haust. Sjølv om vi er oppe på eit høgt kostnadsnivå, så har den låge kronekursen gjort at vi har betra konkurranseevnen - utan å løfte ein finger. Men vi er sårbare dersom vi berre lener oss tilbake og tenkjer at dette ordnar seg, åtvara sjeføkonom Elisabeth Holvik.