Utrykningspolitiet hadde torsdag ettermiddag fartskontroll ved Skarbø barneskule i Ørskog.

Det blei skreve ut 33 forenkla førelegg, og det blei oppretta sak på to personar. Dei to som blei meldt køyrde i 79 og 81 km/t i 50-sona ved skulen.

I tillegg fekk tre personar gebyr for manglande bruk av bilbelte, opplyser operasjonsleiar Arild Reite i Sunnmøre politidistrikt.

Ørskogfjellet

Politiet har hatt fleire kontrollar torsdag kveld.

På Ørskogfjellet blei det mellom klokka 17.50 og 19.40 skreve ut sju forenkla førelegg for fart i ei 80-sone, opplyser Reite.

Utan førarkort

Ved 18-tida stoppa politiet ein mann i 20-åra på lett motorsykkel i Sykkylven.

– Han hadde ikkje førarkort og sykkelen hadde falske kjennemerke, opplyser operasjonsleiaren.