I Norge er det rekordmange lærarar som har søkt om vidareutdanning i 2015. Det einaste fylket der det har vore ein nedgang i søkjartalet, er Møre og Romsdal. Det var 447 søkjarar i fjor, mot 401 i år. I fjor var det i Møre og Romsdal berre 48.6 prosent av dei lærarane som søkte om vidareutdanning som fekk godkjent søknaden, noko som var eit av dei lågaste tala i landet.

Røe Isaksen trur at det kan ha noko å gjere med at det er færre som har søkt i år.

– Eg ser at det blir mindre motiverande når det er vanskeleg å få ja, seier han.

Han oppfordrar derfor kommunane i fylket til å godkjenne alle søknadane som har kome inn.

– Eg kjem med ei sterk oppfordring til kommunane i Møre og Romsdal om å sei ja til dei som har søkt, og slik inspirere fleire til å søke neste år.

Gir vekk midlar

Røe Isaksen meiner at når kommunane ikkje godkjenner søknadar om vidareutdanning, gir dei praksis vekk midlar for å få ein betre skule til andre fylke og kommunar.

– Det er veldig lite sunnmørsk å gi vekk pengar til andre på den måten, seier han.

Han legg vekt på at det aldri har vore så billig som no å vidareutdanne lærarar, og at det er ein viktig del av regjeringa sitt arbeid for at skulane skal bli betre.

– Det kostar det same i alle kommunar. Og når til dømes Sogn og Fjordane eller Hordaland vel å vidareutdanne fleire av lærarane sine, får dei eit forsprang når det gjeld å løfte skulen, seier han.

Konsekvensen på lang sikt blir ifølgje Røe Isaksen at kommunane kjem til å stå igjen med færre lærarar enn det dei treng, når regjeringa no stiller strengare krav til kompetanse.

Få godkjente

I Ålesund kommune var det i fjor 63 lærarar som søkte om vidareutdanning, og 9 som fekk godkjent søknaden. I år er det 36 søknadar frå lærarar i Ålesund.

I Sula kommune var det i fjor sju lærarar som søkte om vidareutdanning, og tre av dei fekk søknaden godkjent. I år er det tre søkjarar, men Pål Sindre Digernes, rådgivar for oppvekst i Sula Kommune, vil ikkje enno seie kor mange av dei som vil få ta vidareutdanning i år.

– Det er ei veldig gunstig ordning, og Sula Kommune vil prioritere så mange som mogleg. Men det er ein viss kommunal eigendel, seier Digernes.

Han viser til at det berre er naturfag og matematikk som er finansiert frå staten. Det er ein eigendel av vikarutgifter på 15 prosent i andre fag, som kommunen sjølv må betale.

Demotiverande

Sindre Sandbakk i Utdanningsforbundet Møre og Romsdal synest det er beklageleg at det er færre søkjarar i år enn i fjor.

– Eg vil tru det verka demotiverande å få avslag frå kommunen, seier han. Samtidig oppfordrar også han kommunane til å godkjenne fleire søknadar no, slik at det reelle talet lærarar som får vidareutdanning kan bli høgare enn i fjor.

Ingrid Huse Heggdal, som jobbar som lærar på Spjelkavik Ungdomsskole i Ålesund, seier at ho både gjennom skulen og Utdanningsforbundet har fått inntrykk av at kommuneøkonomien er så dårleg at det blir vanskeleg å prioritere. Ho trur også det kan vere derfor færre vel å søkje i år.

Sjølv tok ho 60 studiepoeng i norsk, etter å ha undervist i fleire år utan.

– Eg er veldig glad for at eg fekk sjansen, seier ho.