Mannen i 30-åra frå søre Sunnmøre er tidlegare dømd i Fjordane tingrett etter mordbrannparagrafen. Mannen anka dommen, men fekk ikkje medhald i Gulating lagmannsrett.

No er han dømd til fengsel i to år og seks månader. Eitt år og seks månader av straffa er på vilkår, med to år prøvetid. Dette var også straffa i tingretten.

Sprang rundt

Hendinga mannen er dømd for skjedde i juni 2012. Saman med tre andre leigde han hytte på ein campingplass i Stryn. Etter å ha delteke på eit arrangement, kom tiltalte og ein kamerat tilbake til campingplassen. Tiltalte var rusa og ville ikkje avslutte festen.

Etter å ha blitt bortvist frå ei nabohytte, tende mannen på ei avis som han sprang rundt og vifta med for å røyklegge hytta, ifølgje dommen frå lagmannsretten.

Bål i eingangsgrill

Ifølgje dommen gjorde mannen deretter opp bål i ein tom eingangsgrill som han plasserte under hytteveggen. Grillen blei plassert slik at det skulle kome mest muleg røyk inn i hytta, slik at røykvarslaren skulle løyse seg ut.

Lagmannsretten finn det bevist at tiltalte valde å plassere grillen like under ein ventil på veggen. Dette gjorde han fordi han ville at folka der inne skulle vakne, slik at festen kunne halde fram.

Sju i livsfare

Det låg sju personar og sov i hytta. Då ei av dei vakna, var hytta røyklagd. Ho fekk vekt dei andre og alle kom seg ut.

Ein brannsakkunnig har forklart retten at dei sju personane i hytta var i livsfare. På ein fareskala frå 0 til 10, der ti er mest alvorleg fare/død, har han vurdert faren til ni. Faregrad ti blir i praksis aldri brukt.

- Det må karakteriserast som eit reint hell at eldspåsetjinga ikkje førte til tap av menneskeliv, heiter det i dommen.

I formildande retning er det lagt vekt på at eldpåsetjinga synest å vere ei impulsprega eingongshending. Lagmannsretten legg også vekt på at saka er blitt gammal, utan at tiltalte kan lastast for det.

Kamerat blei frifunnen

Også ein annan mann blei tiltalt etter brannen, men han er frifunnen både i tingretten og i lagmannsretten.

Statsadvokaten anka frifinninga frå tingretten, men fekk altså ikkje medhald i Gulating lagmannsrett.

Mannen som blei dømd, må i tillegg til fengselsstraffa også betale knapt 16.000 kroner i erstatning til campingplassen.