Det er vedteke å kutte fire senger ved Volda DPS frå 16 til 12, får Sunnmørsposten stadfesta frå klinikksjef Ketil Gaupset i Helse Møre og Romsdal.

Ledig kapasitet

Det har vist seg at det har vore ledig sengekapasitet ved døgnseksjonen, og når ein ser på utviklinga det siste året har berre ca. 60 prosent av sengene vore i bruk.

– Vi legg difor til rette for ein meir ambulant teneste. Det handlar om å behandle fleire pasientar utanfor institusjon, altså i heimen og i poliklinikkar, seier Gaupset til smp.no.

Ambulant teneste

Den ambulante tenesta i Volda skal vere godt utbygd og fungere godt allereie i dag. Ifølge Gaupset har det ikkje vore fokus på kor mykje ein tener på tiltaket, men kor hensiktsmessig det har vore å halde oppe senger som ikkje er i bruk.

– Vi legg til grunn at det er snakk om å redusere fire årsverk. Desse ressursane vil vi no bruke på andre delar i klinikken, og dette er ei utvikling innanfor faget, meiner Gaupset.

Usikre tilsette

Alltid når det skjer omstillingar blir det gjort ei såkalla risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS). Denne viste at det er svært liten risiko i forhold til pasientbehandling å kutte fire senger.

– Men ei kvar omstilling og ressursflytting vil få konsekvensar for dei tilsette, og dei er naturleg nok usikre. Målet er å unngå oppseiingar. Ein må huske på at Helse Møre og Romsdal er ein stor organisasjon, og klinikken er stor. Det er mykje naturlege avgangar og personell som byter arbeidsstad. Nokre vil kanskje få andre oppgåver, og må kanskje jobbe på ein annan plass, seier klinikksjef Gaupset.