To bilar var involvert i eit uhell på Stette i Skodje kommune, melde Sunnmøre politidistrikt på Twitter klokka 18.30.

Det skal ha skjedd ei misforståing, der den eine bilen køyrde i sida på den andre.

Samtidig som den eine bilen køyrde forbi, svinga den fremste til venstre inn i sida på han.

Begge bilane har store materialle skader, medan personskadene skal vere lette. Fire personar vart send til legevakta for sjekk, melder Sunnmøre politidistrikt.

Eitt førarkort vart beslaglagt.

Foto: Kristoffer Antonsen