I 2009 døydde både bestefaren og onkelen til Christoffer Remøy Endresen (22) frå Herøy av kreft.

Året etter la Christoffer ut på sin lengste sykkeltur noko sinne - landet rundt for å samle inn pengar til Kreftforeningen. På sykkelturen møtte han seks år gamle Simon i Levanger, som var råka av kreftforma leukemi.

– Det var eit sterkt møte. Familien til Simon inviterte meg og foreldra mine på middag heime hos seg, sjølv om Simon var under behandling. Det som gjorde sterkast inntrykk var det livsmotet Simon viste, trass i at han var alvorleg sjuk, fortel Christoffer.

Gjer som fleire enn 22.000 andre - lik smp.no på Facebook

Frisk

I 2012 vart Simon erklært frisk, men etter to friske år slo kreftsjukdommen tilbake, og no er Simon igjen under behandling.

– Eg har følgt Simon sidan vi møttest. Då han vart sjuk igjen kom tanken om ein ny sykkeltur, denne gongen med fokus på Barnekreftforeningen, forklarer Christoffer.

Ny tur

Den 19. juni i år legg han ut på landevegen igjen - denne gongen saman med kamerat Martin Notøy Nevstad (23) frå Ulsteinvik.

Martin, som er aktiv syklist, studerer marknadsføring i Bergen. Christoffer er UB-korporal på Luftforsvarets skolesenter i Kristiansand, og han har også drive med sykling.

Turen startar i Oslo, går via Trondheim til Bodø og vidare til Lofoten og Nordkapp. På Nordkapp snur syklistane og syklar vestkysten tilbake. Både Molde, Ålesund, Fosnavåg, Bergen, Stavanger, Kristiansand, Arendal og Tønsberg får besøk på tilbaketuren. Christoffer og Martin kjem begge til å sykle om lag 5500 km for Barnekreftforeningen.

–  Vi skal sjølvsagt innom Simon i Levanger. Han er min største inspirasjon for denne turen, forklarer Christoffer.

Million

I løpet av sykkelturen i 2010 samla han inn nesten ein million kroner til Kreftforeningen. Målet er å samle inn minst like mykje til Barnekreftforeningen på turen i sommar. Dei innsamla pengane skal gå til forsking på barnekreft og til velferd på barneavdelingane på sjukehusa.

– Barn som er kreftsjuke må ofte setje barndommen på vent. Vi ønskjer at dei skal få kjekke ting å styre med på sjukehuset, slik at dei kanskje gløymer sjukdomen ei lita stund. Vi ser på dei sjuke barna som små superheltar, og på turen vil vi dele ut superhelt-t-skjorter til barn i dei store byane der vi stoppar.

Blir filma

Christoffer har fått med seg kameraten Simon Solbakken frå Leikong til å filme på turen, og har fått avtale med TV2 om at dei vil vise innslag frå sykkelferda under årets sendingar frå Tour de France.

Dei som ønskjer det kan også følgje sykkelturen landet rundt på Facebook, Youtube og på ei eiga heimeside - som snart er oppe å går.

– Vi gleder oss til turen. Det er klart vi kjem til å kjenne ein 40-dagars sykkeltur på kroppen. Men utsikta frå sykkelsetet vert fantastisk, og samtidig får gjere noko for andre ved å samle inn pengar. Dette blir verdas beste sommarjobb, trur Christoffer.

Syklist Martin Notøy Nevstad frå Ulsteinvik blir med kameraten Christoffer Remøy Endresen på sykkeltur til inntekt for Barnekreftforeningen. Foto: Morten Vist Shceie