Derimot godtek han ikkje det framlagde forslaget til ny måling inne i Ørskog kyrkje.

Saka om flytting av altertavla i Stordal har vore oppe på soknemøte der eit stort fleirtal av dei frammøtte stemte for å flytte den gamle altertavla slik at ein kan sjå alle dei fem vakre glasmåleria til Veslemøy Stoltenberg.

I Ørskog er fargesettingssaka fremma for tredje gong. Kyrkja treng oppattmåling, særleg framme i korpartiet.

Rikantikvaren meiner ein kan bruke den lyse fargen som er på veggane no, kanskje nyansere den litt.

Han meiner fargane frå glasmåleria ikkje bør vere styrande fordi dei kom inn seinare, heiter det i ei pressemelding.

Soknerådet set no ned ein komite som skal arbeide vidare med målingssaka.