Leiaren i samferdsleutvalet i Møre og Romsdal kjem med denne reaksjonen etter at kommunalminister Jan Tore Sanner (H) gjekk på talerstolen laurdag og slo fast at den såkalla ferjeavløysingsordninga for fylkesvegsamband endeleg kjem på plass.

- Vi veit ikkje korleis denne ordninga blir innretta. Men signalet er i alle fall svært positivt. Det er dette vi har venta på, og regjeringa lovnaden om at dette skulle kome på plass, seier Oddbjørn Vatne.

Han håper det også inneber at ferjetilskotet blir vidareført i minst 40 år når ein byggjer bru eller tunnel for å erstatte ei ferjerute, slik det tidlegare har kome signal om.

Les også: Jublar for ferjepengar til veg

Avgjerande for andre samband

Og dersom ordninga blir som tidlegare signalisert, stadfestar Vatne at finansieringa av Nordøyvegen er sikra.

Men ikkje berre det.

- Dette vil få stor verdi for planlagte samband i Vanylven og Sande, som Rovdefjordbrua og Sande fastlandssamband, men også for samband fleire andre plassar i landet. For fleire av desse sambanda er denne ordninga heilt avgjerande for om dei blir realisert eller ikkje, seier Vatne.

Skal tilpassast Nordøyvegen

Jan Tore Sanner varslar at ordninga vil kome i kommuneproposisjonen denne våren. Forslaget er at ordninga skal gjelde frå og med 2016.

Det er musikk i øyrene for ein som har stått på i alle dei år for realisering av Nordøyvegen.

- Nordøyvegen blir no kvalitetssikra, og går no igjennom det som blir kalla KS2. Dersom ordninga kjem i kommuneproposisjonen i mai kan vi bake det inn i KS2 og på den måte halde oppe framdrifta i prosjektet, opplyser Oddbjørn Vatne.