– Dette har vore den beste InnoTown nokosinne, seier dagleg leiar Dag Lausund.

Med 470 deltakarar i salen og flotte foredrag, var han særs fornøgd med årets konferanse.

– I år har det vore viktige tema som faktisk betyr noko, og det har vore ein samanheng mellom foredraga. Eg håpar det har gitt noko, det handlar om å ta verda på alvor. Det som Hans Rosling snakka om, det går rett inn. Ein føler ein har fått eit anna syn på verda. Eg kan med ganske stor sikkerheit seie at det som Rachel Botsman snakka om tidlegare i dag var nytt for veldig mange, men at om eit år vil desse delingstenestene vere noko vi alle må forhalde oss til framover, seier leiaren.

H. Rosling: Levendegjør fakta.

Gjorde statistikken levande

Hans Rosling var den siste forelesaren på InnoTown, og den mest kjende. Han er TED-talar og grunnleggar av Gapminder-stiftinga.

Det tok dagleg leiar Dag Lausund fem år å få han til Ålesund, og i dag vart alle forventningar innfridde.

Rosling klarte å engasjere publikum med å gjere data og statistikk levande og underhaldande. Han tok for seg heile scena og sette fleire gangar lattermuskelen i sving. Han synte fram befolkingsstatistikkar, avliva ein del mytar om utviklingsverda, og viste publikum korleis vi sit med idear som gjer at vi ikkje ser på verda med eit realistisk syn.

Sjå mot Asia

– Sjå mot dei store markeda i Asia og Afrika, det segmentet av befolkninga som er i sona mellom fattigdom og utvikling. Vi som «har alt», vi trenger ikkje meir, utanom eit par feriereiser i året og ein ny bil i ny og ne. Det er dei som akkurat er på veg ut av fattigdom og nett har fått seg sykkel og lyspære, som lengtar etter vaskemaskin, tv og bil.

– Vi må halde hovudet kaldt når det gjeld utviklingslanda, og ikkje berre la det påverke hjartet vårt at 15 000 born dør kvar dag av fattigdom. Desse landa treng faktisk investering og produktivitet for å utvikle seg. Ser ein på korleis framtida blir, vert det meir lønsamt å kjøpe seg eigedom ved stranda i Somalia, enn i Florida. Utviklinga der er litt ustabil, men på lang sikt vert det betre, seier han.

– Så du meiner vi bør investere i utviklingsland?

– Det er mange selskap som spesialiserer seg innan emerging markets, og ein treng folk på bakken i landet ein vil investere på som ein kan stole på, som er seriøse. Norfund gjer ein god jobb her.

Afrikanske turistar

– De vil finne nye måtar å lage teknologi på og produsere energi og få samfunnet til å gå rundt, men ikkje gløym korleis verda er i ferd med å endre seg. Europearar vert mindre enn 10 prosent av verdas totale befolkning om hundre år. I framtida vil verda ha fleire afrikanarar og asiatar enn europearar. Vi ser jo allereie at asiaterane kjem, og einaste grunnen til at afrikanarane ikkje er her er fordi dei ikkje får visum. Dei drar på ferie til Kina i staden for. I framtida kan dette raskt endre seg, og Ålesund kan hende vert avhengig av tursime – og afrikanske turistar.

– Så det er berre å begynne å vere høflege med dei, formante han publikum.

– Sjå berre på tidlegare amerikanske president George W. Bush, i 2008 var han blakk og måtte be om pengar. Resten av G7-landa var blakke dei også, så han bad alle G20-landa om hjelp. Dei han fekk mest pengar med til slutt var ein sosialist, ein kommunist og to muslimar, seier han og viser at Bush på det siste bildet frå møtet står ved sidan av statsleiarane av Brasil, Saudi-Arabia, Indonesia og Kina.

– If Bush did it, all can do it!

R. Botsman: Tillitsøkonomien.

Tillit er valutaen i den nye økonomien

TED-talar Rachel Botsman fortalde om den revolusjonerande utviklinga med dei nye tenestene som Airbnb (overnatting), Uber (taxi), Zoop (P2P pengeoverføring), Taskrabbit (hjelp og tenester) og nye norske Nimber (privat shipping). Hittil har desse tenestene berre vorte omtalte i media som utfordringar. Rachel meiner vi må slutte å strete i mot, og heller sjå korleis vi kan vere med utviklinga, som ho meiner er revolusjonerande.

– Det handlar om ubrukte ressursar

– Tillitsøkonomien er eit heilt nytt økonomisk system der ein nytta seg av ressursar som folk si fritid, bilar, heimar, og ting som folk kan. Ein får betalt for nokre av tenestene, men den sanne valutaen her er tillit. No vert ein vurdert av både dei som tilbyr tenesta, og dei som nyttar ho, og har du dårlege vurderingar, vert du utestengd.

Eit døme ho nemnde frå Norge var «Nimber», ei crowdshipping-teneste som gjer at du kan få sendt tinga dine same vegen som nokon som skal dit uansett. Tyske «Bla bla car» er ei teneste der du kan få sitte på med ein bil som skal køyre same vegen som deg. Vurderinga går ut på kor kjekk du er å prate med i bilen, og er du kjekk, får du ein «Bla» eller tre «Blablabla». I Frankrike vert tenesta «Bla bla car» sett på som ein trussel til det etablerte transportsystemet, då tenesta gjer både bussar og tog overflødige.

– Vi klarer ikkje stoppe denne utviklinga, det er ein revolusjon vi må omfamne og vere med på. Sjå berre på musikkindustrien, kor dei prøvde å stå imot musikktenester og nedlasting på nettet. No har dei tilpassa seg i staden for å kjempe imot, seier ho.

Ho meiner vi kan ikkje la vere å nytte oss av den energien vi no har tilgang til, til dømes som vi finn i dei svært populære kjøpe- og selje-gruppene på Facebook.

– Den nye teknologien vi har er fantastisk, og det handlar ikkje berre om å dele bilde på Facebook. No deler vi alt. Husa våre, ledige sete i bilen, hytta, og pengar. Det er ei massiv utfordring til bedrifter og bankar. No er det ikkje lenger berre bedriftene som vurderer kundane sine, kundane vurderer bedriftene og tenestene. Menneska og tilliten er det vi har mangla, og den nye økonomien sprøytar det inn igjen i kvardagen vår. No handlar det om å stole på individa, og ikkje institusjonar.

– Det handlar om å ta tilbake trua på menneska. Eg håper det vert nytta til at vi faktisk skaper samfunn og blir betre kjent med naboane, og ikkje berre om å tene mest mogleg pengar, seier ho.

<strong>H. Rosling:</strong> Levandegjer fakta.
<strong>R. Botsman:</strong> Tillitsøkonomien.