– Heile brusdalsvegen er full av små kular, rundt ein knyttneve stor, seier Joseph-Andre Ban. Han bur sjølv i Brusdalen, og seier kulane i vegen kom etter den nye asfalten som kom i 2013.

– Eg har budd i Brusdalen i sju år, og har aldri sett noko liknande. Nokre av kulane er ganske høge og kan vere farlege. Viss du ikkje er klar over dei på førehand og treff ein slik i ein sving på sykkel, kan du miste kontrollen. Eg fryktar det kan forårsake ulykker, spesielt for turistar og dei som ikkje har køyrt denne strekninga før.

Les også: Her kjører 439 flere biler i døgnet

Ban jobbar innan anlegg, og har vore borti asfalt tidlegare, men har aldri sett liknande.

– Det kan sjå ut som at dei kjem når det vert varmt og sola steiker. Eg veit ikkje kva det kan komme av, seier Ban.

Les også: Ber om midtdelar i Brusdalen

Leiar i asfalt- og vegoppmerkingsseksjon i Statens vegvesen Region Midt, Thor Asbjørn Lunaas, seier dei er klar over kulane i asfalten.

– Vi er klar over kulane som har oppstått. Med trafikken vil mange av dei gå ned av seg sjølve, men vi kjem til å punktere dei største klumpane som kan bli farlege for trafikken, før sommarferien, seier Lunaas.

– Kulane i asfalten kjem av at det er vatn i vegkonstruksjonen eller mellom asfaltlaga. Når sola skin og ved temperaturforandringar blir vatnet til damp og presset fører til at asfalten bular seg opp. Fenomenet er ikkje berre i Brusdalen. Ein kan sjå døme på dette andre plassar i landet, mellom anna i Nord-Trøndelag i fjor.

– Kva kjem desse klumpane av?

– Det er fleire moglegheiter kor vatnet kjem ifrå, men det kan vere både frå grunnen, sida, og vatn som er stengt inne i asfalten, seier Lunaas.

– Viss løysinga er å punktere kulane kvar gong dei kjem, vert ikkje det som å behandle symptom utan å finne ut kva sjukdomen er?

– Dei fleste kulane vil gå tilbake av seg sjølve. Vi er usikre på om dei oppstår under asfaltlegginga eller om vatnet er i vegkonstruksjonen. Vi har ekspertar på ressursavdelinga vår som jobbar med å finne ut kvifor dette skjer, seier han.

Gjør som mer enn 22.000 andre - lik smp.no på Facebook