Det har vore snakka om, og utgreidd, i årevis. Men no byrjar det å bli tid for handling.

Dersom kommunestyret i Volda sluttar seg til rådmannen sin tempoplan kan det bli folkerøysting i Volda om kommunesamlaslåing i mai neste år, og endeleg vedtak om samanslåing ikkje lenge etterpå.

Prosessen bør samkøyrast med friaren frå Ørsta, påpeikar rådmannen.

20.000

I eit dokument som vert lagt fram for kommunestyret i Volda i dag argumenterer rådmannen for samanslåing med Ørsta. Kommunen får om lag 20.000 innbyggjarar, og det er ein høveleg storleik når det nye norgeskartet skal teiknast, meiner rådmannen.

Han støttar seg til eit ekspertutval som har sett på samanslåing mellom Ørsta og Volda.

«Ut frå ekspertutvalet sin definisjon og alminneleg oppfatning er det tvillaust at Volda/Ørsta utgjer ein kvardagsregion, der kommunane, næringsliv og det sivile samfunn elles, på ein god måte utfyller kvarandre», skriv rådmannen.

Støtte

Det vert også vist til ei meiningsmåling der eit overveldande fleirtal ørstingar og voldingar støttar kommunesamanslåing.

Noko storkommune på Søre Sunnmøre har rådmannen i Volda lite tru på. Han frykta ein evig krangel om kva som er sentrum.

«Rådmannen ser for seg at det vil være nærmast ei umogeleg oppgåve for dagens sju kommunar å verte samde om kvar kommunesenteret skal liggje», skriv rådmannen i Volda.